Sirdal kommunestyre vedtok torsdag med 17 mot to stemmer å senda klager på NVE sitt vedtak av 7.mai 2020 om godkjenning av tiltaksplan mot støy frå Tonstad vindkraftverk.
Dokumentasjon og avbøtande tiltak mot støy etter vilkår i konsesjonen skulle ha vore lagt fram saman med detaljplanen. Tiltaksplanen mot støy tilfører saka nye opplysningar som også er relevante for vurderinga av detaljplanen. I tiltaksplanen er det synleggjort kva for enkeltturbinar som er utslagsgjevande for at støygrensa vert overskriden ved bygningar utanfor planområdet.
Sirdal kommune meiner det er fleire moment som talar for at prosjektet kunne vore realisert med færre bygg over grenseverdien for støy.
- Fleire enkeltturbinar synest vera plassert unødvendig tett på kringliggjande fritidsbustader. Dette gjeld særleg turbinpunkt 2G og 53, som er dratt heilt opp mot yttergrensa mot fritidsbustadane nord og nordaust for planområdet. Dette gjeld også dei tre turbinane mellom Krokvatn og kraftlinjetraseen (5, 1 og 6G), som kommunen tidlegare har kravd å få fjerna.
- Økonomien i prosjektet er styrka etter ein auke i effekt per turbin som gjev inntil 30 GWh meirproduksjon årleg. Kommunen oppfattar at OED gjennom si klagebehandling av 18.03.2019, har lagt ei føring på konsesjonær om å bruke den styrka prosjektøkonomien til å gjennomføre endringar i turbinoppsettet med mål om å redusere talet på fritidsbustader som får støy over grenseverdien.
- Avgrensinga i nordvest følgjer av ei frivillig, privatrettsleg erklæring. Erklæringar og andre lovnader må sjølvsagt haldast, men det er ikkje legitimt å bruke erklæringa av 12.06.2013 som argument for nødvendigheita av å overskride grenseverdien ved 23 fritidsbustader.
Sirdal kommune ber om at dei enkeltturbinane som fører til overskriding av grenseverdien for støy ved flest fritidsbustader vert flytta, eller tatt ut av prosjektet. I tillegg, ber kommunen om midlertidig stenging og/eller drift i støyredusert modus for dei attverande enkeltturbinane der dette vil gi størst utteljing i form av redusert støybelastning.
Sirdal kommune anerkjenner ikkje tiltaksplanen sine avtalar om avbøtande tiltak og avtaleskjønn som ei oppfylling av støyvilkåret i konsesjonen. Kommunen meiner det er urimeleg å stille som vilkår for støytiltak at hytteeigar må akseptere utbygginga av vindkraftverket, tåla ei kvar ulempe og seie i frå seg retten til å fremme eit kvart krav mot Tonstad Vindpark i framtida. Kommunen ber konsesjonsmyndegheita stille relevante prosesskrav for å sikre at konsesjonsvilkåret vert oppfylt på ordentleg vis.
Kommune meiner at tiltaksplanen er for generell. Tiltaksplanen bør innehalde eit konkret forslag til avbøtande tiltak for kvar enkelt støyutsett bygning, med dokumentasjon som syner innandørs lydnivå før og etter tiltak. Kommunen etterlyser også eit tydelegare ambisjonsnivå for tiltaka. Kommunen meiner at ambisjonsnivået bør leggast høgt og foreslår difor å legge til grunn lydklasse B etter Norsk Standard NS 8175.
Sirdal kommune understrekar at tiltaksplanen skal omfatte avbøtande tiltak for alle bygningar med støyfølsam bruk innanfor gul og raud sone. Dette går eintydig fram av konsesjonsvilkåret. I klagevedtaket av 27.02.2019, la OED opp til ein praksis
som kan undergrave støyretningslinja. Kommunen ber OED klargjere og rydde opp i forståinga si av støyvilkåret, slik at OED og NVE kan dra i same retning som resten av samfunnet i arbeidet med å førebyggje støyplager.
.