Av Tore Kvæven
Eg har sett at ordførar, Jonny Liland, har freista gjera initiativet mitt politisk. Der bommar han litt. Eg representerar ikkje noko parti. Det betyr ikkje at eg ikkje stemmer. Ved neste val trur eg eg kjem til å stemma Krf. Dette på bakgrunn av Krf hadde den einaste kommunestyrerepresentanten frå nedre dalen som i avisa Agder i alle fall freista å forstå misnøya som finst her oppe.
Dernest ser eg at ordføraren beroligar folk som fryktar reduksjonar i velferdstilbodet. Og sjølv har eg ikkje noko ønske om at slike reduksjonar skal ramma nedre dalen. Eg har ikkje noko ønske om at Tonstad-området skal oppleva det øvre dalen har opplevd.
Noko slikt er rett og slett ein uting. Kutt i tilboda for dei eldre, kutt i tilboda for spedbarn, kutt i viktige kommunale stillingar, total overkøyring i saker som faktisk er viktige for dei lokale. Dersom eg hadde vore årsak til at ei slik utvikling ramma nedre dalen, hadde eg faktisk kjent dårlig samvit.
Og før nokon då grip fatt i den innrømminga og bed meg tygga på dette dårlige samvitet; er det ikkje slik at enkelte i nedre dalen burde kjenna på noko slikt? Ikkje for å ha skapt frykt, men for at tiltaka faktisk er gjennomførte? For at me er midt i ei slik utvikling?
Og så ser eg av politikarane sine responsar og av nedredølanes store engasjement i denne saka, at det er delar av poenget mitt dei ikkje har forstått. Eg ser eit stort sinne og eit stort engasjement, eg ser frustrasjon, og eit ønske om å visa kor glade dei er i dalen sin, nærast eit motiv om at me skulle halde saman gjennom tykt og tynt.
Men kvar var sinnet og engasjementet og frustrasjonane når alle desse kutta vart gjennomført? Kvar var då raseriet? Og kvifor er det ikkje desse kutta politikarane går inn på i sine svar i media? Dette minnar meg faktisk ørlite om eventyret om pannekaka som alle ville eta men som ingen ville ta seg arbeidet med.
Tore til Tonstad fredag
Sidan eg ikkje ser ut til å nå inn til sakens kjerne gjennom det skrivne ord aleine, kjem eg til å ta turen bortom Tonstad sentrum no på fredag og stå utanfor Coop. Kan hende kunne nokon tenka seg å snakka om det som er ugreitt mellom oss. “Ein øvredøl som prøver seg på dialog”. Meiningsutveksling og debatt må vera av det gode.
Enkelte vil kanskje oppfatta dette som ennå eit arrogant utspel, men det er altså ikkje meininga. Eg skal utvisa forståing for at det eg har gjort kan oppfattast som splittande og provoserande og at det kan framkalla sinne og frykt, men eg kjem også til å be om forståing for at det øvredølane har opplevd frå politikarane sine kan opplevast som så frustrerande at ein til sist kjenner det som om noko drastisk må gjerast. Ei målsetjing kunne vore at begge sider kjem med innrømmingar; at øvredølen innrømmer at det var galt å tenna full fyr i teltet og at politikarane innrømmer at det var galt å kutta på alle desse felta. Om me kjem så langt skal nok mykje til. Men det er lov å håpa.
Eg står i alle tilfelle utanfor Coop fyrstkomande fredag mellom klokka 15.00 og 17.00. Velkomen bortom for å slå av ein prat.
Og PS: Viss Coop i mellomtida skulle oppleva stor pågang etter folk som vil kjøpa egg, håpar eg bekymringsmeldingar blir oversendt. .