Sirdal bygdekvinnelag har i samband med verdas matvaredag og aksjonen «Bruk heile dyret» hatt kurs i partering av lam på Sinnes skule 12. oktober. Slaktar Stian Espedal delte opp, laga til ulike middagsforslag og fortalde korleis me kunna nytta dei ulike kjøttstykka.
Elevane frå 1.-7. klasse var engasjerte tilskodarar, og 6. klasse fekk med seg både fårikålkjøtt, kraftbein og kjøttdeigsingrediensar til bruk i mat & helse-timane framover.
På verdas matvaredag 16. oktober vil 6. klasse ved Sinnes skule og bygdekvinnelaget laga lammegryte med rotgrønsaker etter oppskrift av Harald Osa og dela ut smaksprøvar til medelevar og lærarar.
Tradisjonelt har nordmenn tatt i bruk fleire delar av dyret, men etter som færre bur på gard, og heller ikkje slaktar sjølve, er me ikkje lenger så medvitne på kva delar av dyret me et, eller korleis ein lagar slik mat.
Noregs bygdekvinnelag vil løfta fram oldemor sitt prinsipp om at alt som kunne brukast til mat, vart nytta, og på verdas matvaredag 16. oktober vil me setja fokus på lam og verdien av å nytta eigne ressursar.
Å ha ein nasjonal matproduksjon med høg sjølvforsyning er solidarisk ovanfor andre land. Me skal alle bidra til å innfri SN sitt mål om å utrydda svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremja bærekraftig landbruk innan 2030. Då må alle land ta ansvar for å nytta deira naturgjevne føresetnader dei har til å produsera mat i eige land.
I Noreg er heile 45 prosent av landet utmarksbeite. Her kan me ikkje dyrka grønsaker og korn, men drøvtyggarane våre kan gjera gras og plantar om til næringsrik mat for oss menneske, samstundes som dei held ved like kulturlandskapet vårt.
Foto: Slaktar Stian Espedal parterar lammet opp.
Her kan du sjå heile lammet delt opp.
Lokal matproduksjon er viktig verdiskaping og gjev oss lokale arbeidsplassar. Det er òg bra for miljøet sidan kortreist og klimatilpassa mat bidreg til å senka klimautsleppa i landbruket. Sau og lam gjev oss både mat på bordet, varme klede og unikt kulturlandskap.
Den norske matkulturen er nettopp tufta på bruk av dei lokale ressursane. Formødrene våre åt ikkje så mykje kjøt, men dei nytta alt dei kunne bruka av dyret. Mat som blod, tunge og margbein til kraftkoking var ein naturleg del av kosthaldet. Tidsklemma og halvfabrikata har endra matkulturen vår, og i dag finn me mest filetar og kjøttdeig i matbutikkane.
Bygdekvinnelaget meiner tradisjonell matkunnskap og bruk av råvarer er viktig kunnskap for framtida. Skal me få til eit berekraftig samfunn må me utnytta matressursane betre enn i dag. Og, for å anerkjenna verdien av dyret, ressursbruken og arbeidet som ligg bak maten, er det fornuftig å nytta heile dyret.
Stian Espedal nytta heile dyret.