Av Magnar Undheim
Denne artikkel skreiv Magnar til årsskiftet i 2016.
5. mars 1961 vart det første skitrekket i Sirdal innvia. Ei ny tid var komen, og dette gjorde inntrykk på folk. Vintersportsanlegget i Ålsheia var som eit vidunder som vaks fram frå det som vart oppfatta som luftige planar før krigen.
Bak både planar og gjennomføringa, stod tannlækjar Johan Forsberg. Han tok initiativ til danninga av Sirdalsutvalet som ganske enkelt var eit utval av handplukka personar som gjerne hadde viktige funksjonar i samfunnet.
Opninga av skitrekket skjedde samtidig med at det vart arrangert landsrenn på ski, hopp. På opningsfesten sa ordførar, Erik Kvæven, at «eldre folk som er født og oppvokst i Sirdal neppe hadde trodd at det som er hendt i Sirdal nå, kunne forekomme. At et landsrenn på ski ble lagt til Sirdal, er noe av det største som kunne hende.»
Johan Forsberg innleia sin tale med å fortelja at tanken om å gjera Sirdal til eit skisentrum var meir enn 20 år gammal. «Den gang planene ble lansert, fulgte det med en ideskisse, som fikk folk til å le av fantasiene. I 1954 tok Sirdalsutvalget planene opp på ny. Først ble Fjellstua bygget, så kom hoppbakker, slalåmløyper og skiløyper. Alt utbygget av Sirdalsutvalget eller ved utvalgets hjelp. I februar i år overtok Sirdalsutvalget hele utbyggingen av anlegget i Ålsheia og siden er det kommet både funksjonærhytte, skitrekk, tribune og lavspentlinje. Uten disse anlegg ville det ikke vært mulig å arrangere et landsrenn i det hele tatt. Men dette er bare en begynnelse. Målet er å gjøre Sirdal til et vintersportssentrum av internasjonalt format.»
Strålande opning av skitrekket
Naturlegvis var det ein festdag. Heldigvis var det ein strålande solskinsdag med smak av vår. Sirdalsutvalet lot pennen tala. «En vakrere dag kunne man ikke fått som ramme om åpningen av det nye skitrekket i Sirdal. Varm, fin vårsol fra verdens blåeste himmel – et eventyr i snø og sol. Flere hundre skiløpere hadde funnet veien til bakken, og stemningen var slik den skal være ved særlig store sportsbegivenheter.»
Formannen i Sirdalsutvalet, Johan Forsberg, fekk æra av å klippa den røde snora og erklæra skitrekket for opna. Jubelen var stor.
«De som fikk æren av å ta plass i skitrekket som de aller første, var Sven Stølsro, som er den som skal betjene trekket, Sven Tjørhom, formann i Sirdal Skilag, og dr. Gunnar Johnson og hans søte frue, alle fire glimrende skiløpere. Det var stillferdig spenning blant publikum da de fire tok plass i skitrekket, motoren startet perfekt, og så bar det oppover. Det tok temmelig nøyaktig 11/2 minutt, så trekket skyter ganske god fart. De fire skiløperne i første pulje kjørte ned slalåmbakkene så det kostet etter – og de brukte ikke mer enn ett minutt ned, altså 3 minutter på hele turen.»
Skitrekket minna Ola Sinnes om eldvogna til profeten
Mellom alle dei mange tilskodarane var ein eldre mann frå Sinnes som ein journalist tok fatt i. Ola tykte nok at det var moro at det var to blad Sven som fekk æra av å opna skitrekket. Sjølv mintest han andre «Sveinar» frå sin ungdom.
«Mellom dei mange «innfødde» som hadde funne vegen opp til skitrekket ved Ålsheia i Sirdal i går var gamle Ola Sinnes. Han fylte 82 år den 12. desember i fjor. Men ennå er han temmeleg fjot på berrleisten og stø med staven.
Han sto eit stykke ifrå og hadde betre oversyn såleis. – Alt det dei kan få te, seier han.
Barsk ungdom med bregdaband og tinnknappar under kne susar forbi. Dei har liksom funne tilbake til det gamle …
Den elektriske motoren set seg i gang og dreg ei ny honk til topps på halvtanna minutt, og før ein får sukk for seg, kjem dei nedatt som var det på livet laust.
Men det som imponerer Ola, er oppfarten. Dette minner beintfram om profeten som for til vers i ei eldvogn! Utforkjøring har han sett før:
– Her var tri karar i min ungdom her på Sinnes som let skura det, mest same koss det såg ut. Dei lika seg betre til brattare og styggare det var. Utføre hogget bar det, beint på dørge ufsa på klinkande skare så det gol i bjørkelia. Og me tenkte rett som det var, at der drep han seg visst, han Litle-Svein, eller det var han Store-Svein – eller han Svein Bakken. Adle tri heitte Svein, ja. Og der var ikkje mykje å gje i byte på dei – utan det var han Svein Bakken. Han var som ein Sondre Norheim, denne morgedølen som fauk på ski over stovetaket.
Godt gjekk det alltid, endå dei ikkje hadde slikt utstyr med både ski og bindingar og trjugstavar som nå til dags. Det var vidje-auga te stikka tåa i, det – og ein lang stav med jernpigg – god å støa seg på, eller ria på, når det kneip.
Denne Svein Bakken, han for te Amerika, ja det gjorde han. Og der vart han verande. Men me høyrde aldri meir gjet’an. Han skreiv ikkje, han knatt ikkje i seg på nokoslags vis. Eg har ofte undrast på kva slik ein sular kunne driva det til. Dei andre Svein’ane for og til Amerika: det var vissaste vegen for den som ikkje var odelsgut eller som ville av stad og prøva kva livet var verd uti verden før ‘an kom heim-atte og grodde fast.
-Men eg gløymer ‘kje koss dei uvørene rann på ski i ungdommen, seier Ola Sinnes. Sjølv har han ikkje gløymt kunsten ennå. Han gjeng’e på ski, fortel han, – når det er praktisk. Men han set ikkje utføre ufsene; det har han aldri gjort; det har berre dei tri Sveinane gjort. Og så dei to som var først i bakken ved opninga av skitrekket, Sven Stølsro og Sven Tjørhom. To Svein’ar til. – Det ser ut til at guten skal heita Svein for å vera retteleg sprek.»
Kven var desse Sveinane?
Ola Sinnes (1878 – 1970) som vart intervjua, budde på bnr. 8 på Sinnes. Han fortalde om tre som heitte Svein frå Sinnes. Truleg var desse tre:
Sven Jonson Bakken, Sinnes, født 1866, bnr. 1. Bygdeboka fortel at han etter tradisjonen skal ha verva seg til Boerkrigen, og at ingen har høyrt meir frå han. Ola fortel at han reiste til Amerika, og kanskje verva han seg til krigen derfrå.
Sven Tolleivsen Bakke, bnr. 2 Sinnes, Ringaua (Venevold), født 1884. Han hadde farm i Saxon, USA. Bakkefarmen er omtalt i eit tidlegare årsskrift. Det er rimeleg å tru at dette var Litle-Svein.
Sven Olson Sinnes, bnr. 9, f. 1866. Han var gift med Anna Jørgensdotter Tjørhom, bnr. 2.
Alle desse tre var nære naboar til Ola.