• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
SirdalMedia logo

Siste nytt fra Sirdal! Tips eller innspill? Kontakt oss

  • Bli abonnent
  • Webcam
  • Debatt
Meny
  • Nyheter
  • Sport
  • Kultur
  • Debatt
    • Send inn leserinnlegg
  • Kommunen
  • Samferdsel
  • Næringsliv
  • Turløyper
  • Hytter
  • Været
  • Alpint
  • SirdalMedia-Appen
Logg inn
  • Bli abonnent
  • Min side
  • Tips oss
  • Kontakt oss
  • Annonsere?
  • Våre sponsorer
  • Personvern
  • Salgsvilkår
FRONT
4 minutter lesetid

Teknisk etat til Øvre Sirdal ?

Macintosh HD:Users:Lsir:Dropbox:BLOGG SM 2018:2018-11-25 12.46.26.jpg
Leif Sirevaag
Publisert: 23 oktober, 2021 09:09
Oppdatert: 23 oktober, 2021 09:09
Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Debattinnlegg av Tore Kvæven

Det har gjennom dei siste tiåra funne stad ei massiv utbygging i Øvre Sirdal. Dette gjeld i fyrste rad hytter, vegar i hyttefelt, vann og kloakk, skitrekk og diverse infrastruktur knytt til turisme. Ein kunne trudd at ei så stor satsing ville ført til høgare busetjing her oppe. Men på dette felt har utviklinga stått stille eller gått feil veg. Det er vanskeleg å få folk til å busetja seg i utkantane.

Som distriktskommune burde Sirdal tenkt distriktspolitikk også innanfor eigne grenser. Med det meiner eg at Sirdal burde vore nærast manisk interessert i å halda liv i eigne utkantar. Sjølvsagt kan ikkje politikarar aleine løysa såpass djuptgripande vanskar, men dei kan gjera litt. Dei kan yta sin skjerv. I alle tilfelle bør dei ikkje forsterka ein frå før negativ trend. For Øvre Sirdal sin del var det nett dette som hende då kommunale stillingar vart kutta på Fjellmuseum og Turistinformasjon. Det mest graverande var kuttet på Fjellmuseet, der me hadde ei ung og dyktig kvinne som var i ferd med å få til noko svært bra. Her bør politikarane gå i seg sjølv og ordna opp i det dei har eit ansvar for å ordna opp i.

Saken fortsetter etter annonsen

I mellomtida er det også på høg tid å få gjennomført eit anna viktig tiltak. Teknisk etat bør flyttast til Øvre Sirdal. Det er her minst 80 prosent av utbygginga foregår og det er her fyrst og framst her kompetansen trengst. Slik har det vore gjennom dei siste 20 år og slik kjem det sannsynlegvis til å bli gjennom dei neste 20. Fysisk nærleik mellom teknisk etat og utbyggarane vil kompetansemessig vera til fordel for begge partar, og dermed til stor fordel for kommunen so m heile.

Foto: Tore Kvæven vil flytta teknisk etat til Øvre Sirdal.

Et bilde som inneholder tre, utendørs, snø, bygning

Automatisk generert beskrivelse

Stor byggeaktivitet i Øvre Sirdal.

Det finst også ei rad andre viktige fordelar med eit slik flytting:

  1. Gjort på rette måten kan ein sjå føre seg ei styrking av næringslivet både i Øvre Sirdal og på Tonstad. I Øvre Sirdal gjennom at kommunen leiger kontorplassar her oppe. Td er Sinneshytta no i gang med ei storstilt utbygging av eit næringsbygg på Sinnes. Frå neste sommar av vil det her stå klart mellom 150 og 200 kvadratmeter kontorplassar for utleige. På Tonstad gjennom at kommunen vil kunna tilby for utleige eit stort kontorareal for større bedriftar.
  2. Som alle andre stader i landet ønskjer me sirdølar ideelt sett at dei som arbeider i kommunen også er busette her. Derimot kan ein sjølvsagt ikkje bestemma kvar folk skal bu. Men i praksis blir det for langt å dagpendla frå td Flekkefjord til Øvre Sirdal. (Det same gjeld å dagpendla frå td Ålgård eller Sandnes.) Dei som arbeider på teknisk etat vil difor i praksis etter kvart anten bli buande på Tonstad eller i øvre Sirdal. Flyttinga vil slik kunna styrka busetjinga i kommunen.
  3. På sikt kan ein også vona at flyttinga vil styrka elevgrunnlaget til Sinnes skule. For 30 – 40 år sidan låg elevtalet her omkring 70 elevar. I dag er det 46. Om den langsiktige trenden får fortsetja vil konsekvensane bli irreversible. Ein krok på ei skuledør lar seg sjeldan fjernast. Enkelte svarar at elevtalet på Sinnes alltid har variert. Det har alltid gått opp og ned. Og det er sant. Men det gjorde elevtala på skulane på Øksendal og Lunde også.

I tillegg til desse synergiane er det slett ikkje umogeleg at ei flytting også vil føra med seg ennå ein fordel. Kan hende vil me i bittelitt større grad enn før kjenna oss som ein kommune. Altså at velviljen mellom øvre og nedre dalen blir for oppadgåande. Et bilde som inneholder utendørs, vann, hus, hvit

Automatisk generert beskrivelse Tore Kvæven ønskjer fleire arbeidsplassar og styrka busetjinga i Øvre Sirdal.

Du vil kanskje også lese

Ingen relaterte artikler.

Linker

Tips oss
Kontakt oss
Ditt abonnement
Registrer/logg inn

Redaksjonen

Redaktør
Christer Skaren
Tlf: 41 78 19 24

Journalist
Aadne Hompland
Tlf: 99 34 25 79

 

Journalist
Gard Trydal
Tlf: 94 13 33 35

Teknisk support
Ruben Skaren
ruben@sirdalmedia.no

Følg oss

  • Email
  • Facebook
SirdalMedia arbeider etter reglene for god presseskikk i Vær varsom-plakaten. Mener du at du er rammet av urettmessig omtale, oppfordrer vi det til å kontakte redaktøren.

Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund. Utvalget behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål. Adresse: PFU, postboks 46 Sentrum, 0101 OSLO, Telefon: 22 40 50 40, epost: pfu@presse.no.

SirdalMedia har forpliktet seg til å følge Redaktørplakaten. Plakaten sier blant annet: «Redaktøren skal fremme fri informasjonsformidling, og en åpen, redelig og sannhetssøkende journalistikk.  Det er redaktørens ansvar å sørge for et tydelig skille mellom fakta og meningsinnhold, og at det klart fremgår hva som er redaksjonelt innhold og hva som er kommersielt materiale.»
SirdalMedia-logo
SirdalMedia © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no