Liv Undheim har skrevet eit leserinnlegg om Kvæven kafe og dei ansatte som møtte skuggesider i Sirdal.
Kvæven kafe
SCUSATE – OPROSTITE – UNNSKYLD
UNNSKYLD Valeria, Iva, Fransesco og Guglielmo, for at eg ikkje har stått opp for dykk slik eg burde ha gjort.
UNNSKYLD for at den store draumen dykkar er knust.
UNNSKYLD for at de møtte skuggesider i Sirdal. At de møtte simpel hersketeknikk, vonde og stygge ord, svik og lygn.
UNNSKYLD for at eg ikkje har stått opp mot urett – i tide.
UNNSKYLD for julegåva de fekk (fekk sparken 22. desember). Helsinga frå gjevaren var at gåva ville gje han nattesøvn i jula.
UNNSKYLD for at de mot all fornuft, fekk sparken til tross for at de har levert meir enn det eit normalt menneske kan ønska seg.
Kjære venner! Takk for ugløymelege stunder på Kvæven kafe. Takk for at de med kunstnarsinn gjorde lokalet så lunt og koseleg. Takk for dei varme smila og den fantastiske servicen. Takk for førsteklasses mat og vidunderleg kaffi og kaker.
Eg er sikker på at alle vennene dykkar vil fortsetja å strøyma til Kvæven kafe dei dagane «fire fine latinos» ennå rår huset her.
Med varm helsing
Liv Undheim
For å unngå mistydingar: Mine søreuropeiske venner har kontrakt med «Sirdal safari and adventures» om å drifta Kvæven kafe i fem år (frå 1.febr. 2021). Det er «Sirdal safari and adventures» som leiger kafelokala av Sirdal kommune, og det er dette firmaet som har sparka mine søreuropeiske venner ut.
Foto: De ansatte ved Mynkya AS er fra venstre Guglielmo Tarantino, Iva Brkovic, Valeire My og Francesco Giampino.