Torleiv Lye døde i dag, 21. oktober, 74 år gammel. Han har de siste årene leid en gård i Suleskard og bodd der. Der har han har hatt 40-50 vinterfora sauer. De siste ukene var han på Sirdalsheimen på Tonstad.
Torleiv etterlater seg tre barn, Ståle, Finn og Jorun. I tillegg er det tre søsken som lever; Erik, Marit Iren og Aslaug Elin. Torleiv ble født på gården Lye. Hans foreldre var Einar og Anna. Moren var født Kvæven og hadde en bror som het Olav Kvæven. Olav Kvæven hadde en sønn som heter Per Kvæven og som fortsatt lever.
Foto: Den kjente heiegjeteren Torleiv Lye er død.
Her kommer Torbjørn Fjermestad, tidligere formann i Jæren Smalalag, sammen med Torleiv Lye ned Suleskardveien.
Heiegjeteren. Fjellmannen. Naturelskeren. Det finnes mange karakteristikker av Torleiv. Hele sitt liv har han viet til sauene. Da sauene kom fra fjellet om høsten, var det Torleiv som ledet flokken fra Suleskard til Kvæven. Først i toget av sauer gikk han sammen med lensmannen. De siste årene måtte han melde pass, da sykdommen hadde fått overtak og kreftene ikke holdt helt til mål.
Helt fra 1997 hadde han hovedansvaret for sauene på sommerbeite i Suleskardtraktene. Han bodde da på Flogvasskvæven, som var Jæren Smalalag sin hytte. Da kunne en se at Torleiv satt i vinduet med røyken og kaffekoppen og fulgte med. Hundene Don og Leo lå rundt beina hans.
- Du får ikke bedre saue- og lammekjøtt enn de dyrene som har beitet i høgfjellet en sommer. Økologisk kjøtt av beste kvalitet, var Torleivs kommentar i et intervju med ham.
Da sauer skal ut av hepte, eller skårfeste, var det alltid Torleiv Lye som spente tauet om livet og gikk ned. Han svimlet ikke. Lett og spenstig i kroppen. Hvis han var alene, festet han tauet i en stein eller et tre, hvis det fantes. Han opplevde mange dramatiske situasjoner. Om kvelden og natta kom gjerne stupet tilbake og ville ta han. Dødsangst ? Enda en gang hadde han sett døden i øynene og visste at om han hadde ni liv, så hadde han brukt opp enda ett.
Torleiv Lye med hundene Don og Leo.
Magnar Undheim har skrevet; Gjetaren med ni liv i boka til Jæren Smalag. Her følgjer artikkelen.
Skal sauer ut av hepte, er det alltid Torleiv Lye som spenner tauet fast om livet og går ned. Han symlar ikkje. Kroppen er lett og spenstig. Nokre gonger er han åleine og festar då tauet i ein stein eller eit tre, om det finst. I vanskelege hepte må ein helst vera to. Ein gong han var nede i ei to, måtte han plutseleg møta sauene som kom springande. Han hadde ikkje tau på seg, glei i sorpa og rutsja rett mot stupet. Heilt på kanten fekk han krafsa tak i noko som stansa ferda. Han fullførte oppdraget. Men om kvelden og natta kom stupet og fallet tilbake og ville ta han. Dødsangst? Endå ein gong hadde han sett døden i augo og visste at om han hadde ni liv, så hadde han brukt opp endå eitt.
For det var ikkje første gongen livet hang i ein tynn tråd. På leiting etter sauer seint på hausten i lag med Karl Matningsdal fekk dei kulde, sludd og vind å -kjempa mot. Dei fann 15 sauer, men bomma litt på vegen som vart altfor lang. Etter kvart forstod dei at det stod om livet, og dei forlot sauene i Storådalen. Det var november og tidleg mørkt. I Lysedalen gav den 65 år gamle Karl opp og sette seg ned. Kald, utmatta og utan håp. Torleiv var 21 år og visste kva resultatet ville verta om dei vart verande i ro. Han la seg inntil kroppen hans for å prøva å halda varme i både han og seg sjølv, men livet ebba ut. Då det lysna, oppdaga han Lysebu berre ein kilometer lenger nede i dalen, på den andre sida av elva. Der klarte han å bryta seg inn og etter mykje strev fekk han tak på ei fyrstikk med dei skjelvande og heilt kjenslelause fingrane og fekk tent opp varme. Kroppen rista heile dagen. Den fylgjande dagen gjekk han ned til folk og fekk varsla kva som hadde hendt.
Torleiv hadde herda seg i mange år alt med hardt gjetarliv i heiane. Som 19 åring var han med Jesper J. Ravndal og fann 27 sauer i november på ettersanking i Ljosådalen. Problemet var at så store mengder med snø gjorde det uråd å få sauene til å gå, dei måtte trakka veg til dei. Under normale forhold er det langt frå Ljosådalen, under slike tilhøve vert det eit -umenneskeleg slit. Etter sju og ein halv dag var dei både glade og letta då dei var komne til vegen ved Ådneram. Med til historia høyrer det at dei gjekk matlens då dei var komne til Holmevatn og måtte ein tur til bygda etter mat.
Lysedalen er balen å ferdast i. Når det har vore mykje nedbør, dannar det seg fleire små tjørner. Elva forsvinn inn i steinurene. Ein gong Torleiv og Gunnar Sirekrok hadde vore på leiting og funne sau og lam, var det mest uråd å koma fram om dei ikkje fekk sauene over på andre sida. Dei såg ein høl det ikkje skulle vera så vanskeleg å symja over. Dei fekk sauen uti, men han forsvann på blunken. Det var så kraftig sug ned i ura at sauen aldri hadde ein sjanse.
Torleiv Lye med glimt i øye.
Gunnar ville kryssa dalen, og elva var stor og gjekk i frodande villskap. Han fann ein stad der spranget var overkomeleg, meinte han. Han hoppa og ved eit naudrop fekk han kontroll på andre sida. Letta kunne han fortelja: Det var gule fossen under meg. Også han såg døden midt i auga.
Livet til Torleiv har i stor utstrekning handla om heia-livet. Som 15-åring var han med Torjus Fidjeland i Fidjelandsheia i 1963. Så hadde han tre år for Fredrik Skurve i Lyseheia, Holmevassheia og Hisdalsbeitet. Bortsett frå eitt år i militæret var han med Jesper J. Ravndal frå 1967 til 1972. Han minnest spesielt godt 1971 då Jesper hadde Suleskarheia, Holmevassheia, Grydalen og Sinnesheia. Dessutan stod Lyseheia tom og måtte leitast i. Dei måtte også leita i Auråheia og Ljosådalen. Ein kikk på kartet fortel om ufattelege avstandar og område. Det var liksom ingen grense for kva strekningar ein kunne tilbakeleggja.
Torleiv legg inn ei lita forteljing om Karl Håland. Han gjekk seg vill og for ein heil dag og surra rundt, men om kvelden fann han tilbake til hytta. Utkjasa og i dårleg humør sette han seg ned på næraste setet og sukka: «Seier nokon at landet er lite, så slår eg dei ihel.»
Frå 1973 var Torleiv tilsett hos Løvenskiold, godseigaren som eig store deler av Nordmarka ved Oslo. Årleg høgg dei 63000 kubikkmeter tømmer. Det er 1200 km stiar og merka løyper på eigedommen. Og så har han 4200 mål dyrka jord som vert driven. Torleiv hadde ansvar for sauene. Ein utruleg kontrast frå dei opne heiane hos oss til skogsterrenget i Nordmarka. Gardsdrifta skulle vera i tetskiktet i landet, og derfor var dei med på fleire forskingsprosjekt. Dei eksperimenterte mellom anna med ulike tilsetjingar når dei fortynna sæd for å laga dosar til insiminering. Sauer vart leverte til sjukehus for forsking på innsetjing av kunstige hofter av ulikt material. Det var ei interessant og lærerik tid desse seks og eit halvt åra i Nordmarka.
Men sjølvsagt kom Torleiv tilbake. Han vart heiasjef i ein femårsperiode i Brokkeheiane etter Jonas G. Espeland. Så vart han sjef for Dyngjanheia frå 1992 og Suleskarheia frå 1997. Og sjølv om han nå er pensjonist, held han på. Kvifor? Helsa er god, men den bestemmer ein ikkje over, så eg tek eitt år om gongen. Og så kjem det med eit flir: «Hadde æg vore så oppegåande at eg hadde hust adle dei vonde daene, så hadde æg slutta for lengje si.»
For det kan ikkje stikkast under ein stol at me har lidd mykje vondt. Ofte gjekk me dagevis blaute og kom inn i dårlege hytter der me fraus oss gjennom natta. Ikkje sjeldan var det is på vassbytta inne i hytta om morgonen. Ein del av problemet var at jakta bestemte så altfor mykje om kva tid me kunne vera i heia. Før 1970 var det jakt frå 1. til 25. september. I den perioden var det avtalt fem dagar me kunne samla. Resten av tida måtte me halda oss borte frå heia. Det betydde at leitinga ikkje kunne ta til før 26. september. Veret var og er variabelt på den tida, og nokre år kan det koma mykje snø. Eller skodde, sludd og vind. Dei ekstreme tilhøva i 1969 skapte eit folkekrav om endringar. Og avtalane vart greie frå 1970.
Torleiv høyrer med til fjellfolket med sans for det nære kring seg. Ikkje minst har han auga for folk. Kan fortelja i det uendelege, siterer og hermer. Byggjer opp historiar slik at ein ser situasjonen og personane livs levande framfor seg.
Til det nære høyrer også naturen, og som dei fleste fjellfolk er han ikkje i tvil om at det har utvikla seg feil. I Ljosådalen kakla rypene før over alt. Det var eit -fantastisk levande liv. I år skal du vera heldig om du ser eit kull. Og dette er eit verneområde. Er det jegrane som er verna? undrar han. Heiagjetarane er ikkje fagfolk på vilt, men dei les naturen betre enn dei fleste ekspertane. Og dei er samstemte i at noko er svært gale, naturen lir og dei med den.
Kilde: Jæren Forlag
Torleiv Lye måtte følge sauesankingen i Suleskard fra bilen i 2021.