For nokre veker sidan lanserte Geir K. Hus si nye bok «Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen». Gjennom store bilde og små tekstar får lesarane sjå meir av naturen og kulturen langs tre av vegane sør-vest frå E134.
I den nye boka tar forfattaren folk med seg på Suleskarvegen frå Høydalsmo i Telemark gjennom Setesdal til Ålgård. Her er det fleire flyfoto frå Blåsjø, Suleskar og nedover dalane mot Rogaland. Riksveg 9 frå Haukeli til Flateland i Setesdal er óg med i boka.
Forfattaren tar oss også med på rundturen Røldal – Suldal – Sauda og tilbake til Røldal på den spektakulære og smale fjellovergangen nesten 1000 meter over havet. Deler av rundturen er på Nasjonal turistveg Ryfylke. Mange kallar denne rundturen for «arkitekturrunden» fordi de er fleire spennande byggverk i området.
I tillegg til natur og kultur, er vinbønder, fruktdyrkarar og andre lokalmatprodusentar vist fram i «Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen».
- Eg håper at folk som bur i eller nær desse distrikta får inspirasjon til å oppdage meir av sitt eige nærområde. I tillegg reknar eg med at folk andre stader i Norge vil bli meir nysgjerrig på alle perlene langs desse flotte vegane sør-vest for E134 Haukelivegen, seier Geir K. Hus.
Det er fem år sidan Hus gav ut boka «E134 Haukelivegen», om mat, natur og kultur langs hovudvegen mellom Østlandet og Vestlandet. Den første boka er snart seld i 5000 eksemplar.
Foto: Forfattar Geir K. Hus.