Siri Fidjeland (SP) stilte under eventuelt i Sirdal kommunestyremøte torsdag spørsmål angående ny hundelov.Ny hundelov trådte i kraft 1. januar 2023.
Antallet hunder her i landet aukte med 45 prosent mellom 2001 og 2021. «Koronaeffekten» står for en betydelig andel av økningen, og i dag er det over en halv million hunder i Norge, ifølge Mattilsynet.
Som eier må du kjenne hunden din. Dette er nå innført som krav i hundeloven. Paragraf 3a sier at du skal «forebygge og vise aktsomhet for å unngå at hunden kommer i en situasjon der den kan gjøre skade på folk, dyr, eiendom eller ting».
Foto: Over en halv million hunder i Norge.
Siri Fidjeland (sp) tok opp den nye hundeloven i kommunestyret torsdag.
Erfaringer her i Sirdal i vinter er at mange lar hundene gå lause, sjølv om regelen er at hunder skal vère i band i skiløyper. Og det er også eksempel på rådyr som har blitt drepne av hund.
Reglane for bandtvang er stort sett videreført i den nye hundeloven, og åpner opp for at kommunar kan ha strengere regler. Heilårlig bandtvang vil opplevas som urettferdig inngripane for mange, så Sirdal Sp ynskjer ikkje det. Men med tanke på reinsdyr og anna vilt, vil me be om at Sirdal kommune ser om forskriftene må endras etter at ny hundelov tredde i kraft. I dag har Sirdal bandtvang 1. april- 1.november. Me vil be om sak om dette, og at kommunen er aktive med skilting og informasjon om kvifor bandtvang.
Kommunedirektør Aud Sunniva Fuhr.
Svar fra kommunedirektør Aud Sunniva Fuhr – ny hundelov
Endringane i hundelova som tredde i kraft frå 1. januar 2023 inneber ingen realitetsendringar i føresegnene om bandtvang i hundelova § 6. I høyringsforslaget til Landbruks- og matdepartementet vart det foreslått ei innskjerping for å sikre at kommunane følger reglane ved fastsetting av lokale forskrifter om utvida bandtvang. Departementet hadde ved gjennomgang av kommunane sine forskrifter funne at over halvparten hadde fastsett utvida bandtvang i større grad enn det ein har tilgang til etter hundelova § 6. Det vart difor foreslått å legge inn vilkår om at kommunane sine forskrifter om utvida bandtvang må godkjennast av statsforvaltaren. Dette forslaget fekk sterk motbør i høyringsrunden og vart ikkje innført. Departementet har i staden lova at det skal komme ein ny vegleiar retta mot kommunane.
Det er etter vår vurdering ikkje gjort endringar i hundelova som tilseier at det er behov for å gjennomgå kommunen si lokale forskrift. Det generelle kravet til hundehaldaren sin aktsemd er innskjerpa og det er, som representanten viser til, innført ei ny føresegn § 3a med krav til hundehaldar sin kompetanse. Det er også opna for at kongen kan vedta forskrift om lovbrotsgebyr (overtredelsesgebyr) der kommunane kan bli gitt myndigheit til å føre tilsyn og utstede gebyr ved brot på forskrifter om bandtvang.
Det kan vera andre grunnar til å vurdere ein gjennomgang. Det har gått 12 år sidan forskrifta vart vedteken. Ein gjennomgang kan være aktuelt for å sikre at det ikkje er fastsett utvida bandtvang i større grad enn det lova opnar for. Departementet har etter det me kan finne ikkje gått ut med namna på kommunane som etter deira vurdering har forskrifter som går ut over lova. Nærare undersøkingar av dette vert per i dag ikkje prioritert høgt av administrasjonen, men det vil vera naturleg å sjå nærare på dette i samband med ein eventuell gjennomgang av forskrifta.
Kommunen si forskrift om hundehold vert allereie oppfatta som streng. I Norsk Kennel Klubb sin landsoversikt nkk.no/kart er den plassert i rosa kategori (sterkt utvida bandtvang).
Dersom det politisk skulle vera ønskelig å stramme ytterligare inn på føresegnene om bandtvang vil det innanfor dagens lovverk vera mest aktuelt med innstrammingar for å verne menneske mot hundar. Me har ikkje oppfatta at det er gitt politiske signaler om behov for denne typen innstrammingar og kjenner ikkje til at det er meldt inn bestemte områder der konfliktnivået mellom lause hundar og menneske vert oppfatta som særskild høgt.
Kommunen har frå før innført generell bandtvang i alle lysløyper og tråkkemaskinpreparerte skiløyper.
Kapasitetssituasjonen i administrasjonen tilseier at det bør føreliggja ein vektig grunn for å gjennomgå og revidere denne forskrifta. Me ønsker å prioritere andre oppgåver.
Me vil ikkje tilråda ein gjennomgang der føremålet er å innskjerpe reglane for bandtvang av omsyn til vilt eller husdyr på beite. Den generelle bandtvangen som strekk seg få 1. april til 20. august er allereie utvida til 1. november i heile kommunen av omsyn til husdyr på beite. Me vurderer det som lite sannsynleg at det er rom for ytterligare utviding.
Kommunen sin heimel til å innføre bandtvang av omsyn til vilt er avgrensa til situasjonar med ekstraordinære forhold. Ansvaret for å unngå at hunden forfølger vilt er i lova tydelig plassert hjå hundehaldar:
«Hundeholderen skal opptre hensynsfullt. Utenom båndtvangstider kan hunder bare være løse under tilsyn og kontroll som i størst mulig grad forebygger og forhindrer skader på eller ulemper for mennesker, husdyr, tamrein, vilt eller eiendom (…) Hunder skal alltid holdes under slikt tilsyn at de så vidt mulig hindres i å drive eller forfølge vilt»
Kommunen sin hovudbodskap til publikum er at reglane om aktsemd i praksis inneber at ein lyt ha hunden i band under normale snøvintrar i Sirdal. Dyre- og fuglelivet er rikt i heile kommunen og det er normalt at det kjem snø som skaper utfordringar for viltet. Hundehaldar er etter lova forplikta til å ta omsyn til dette.
Kommunen er bevisst på at det ikkje må gå inflasjon i bruk av ekstraordinær bandtvang som virkemiddel. Om dette vert innført for ofte risikerer me at delar av publikum får ei oppfatning av at det er greitt å sleppe hunden så lenge kommunen ikkje har innført ekstraordinær bandtvang. Normalen bør vera å ha hunden i band. Kvar vinter. Dette er hundehaldar sitt ansvar. Kommunen kan bidra med å få informasjon ut til publikum og gjerne vurdere å melde grove brot på reglane om aktsemd og bandtvang til politiet for å statuere eksempel.