Laurdag 15. juli klokka 1300 – 1600 vert det marknad i Tonstad sentrum. . Denne dagen reiser ein tilbake i tid, og lagar til marknad slik som dei gjorde i fyrste halvdel av 1900-talet. Ein håper mange vil leite fram tidsmessige klede og ta turen til Eliastunet denne dagen.
Dersom ein reisar tilbake i tid, finn ein mange tradisjonar som var viktige i kvardagen til sirdølen. Ei stor tilstelling var Dyrskue, som var eit årleg arrangement fleire stadar i dalen. Dette var ei slags saueutstilling som vart arrangert etter at sauene hadde kome heim frå heia. På Dyrskuedagen handla det ikkje berre om sauer, men kanskje vel så viktig var det sosiale treffpunktet, med underhaldning og sal av ymse varer som ei ramme kring dagen. I dag har ein framleis Sirdalsdagane som er tufta på denne tradisjonen, og som vert arrangert kvar haust på Kvæven.
Frå tidlegare historieforteljing finn ein òg at Dyrskuedagen på Tonstad var årets høgdepunkt for mange, nesten på lik linje med jul- og påskefeiring. Eit typisk Dyrskue for om lag 100 år sidan kunne føregå slik: I tillegg til utstilling av sauer, og premiering av desse, så vart det seld mat og frukt. Ofte var dette eple eller pærer frå eigen hage. Det vart sett opp ein slags «fornøyelsespark» med skytebane, lykkehjul, loddsal og mykje anna. Det var god musikk, og folk kom tilreisande frå heile dalen.
Program for dagen
Ordføraren står for opninga. Marknaden vert avslutta med ein auksjon i 15.30-tida. Elles på programmet kan ein freiste med følgjande:
– Leikar, lykkehjul og tevling
– Salsboder med ulike kortreiste produkt og «gamle» søtsakar
– Byttebod (har kan du prøva å bytte varene dine mot andre varer)
– Trekkspelmusikk og allsong
– Utstilling med motiv frå «Tonstadbua»
– Sal av mat
– Bakeriet skal vera ved den gamle bakaromnen i Indre Hauan
– Det vert høve til å sjå kaninar og høner
– Historie «Tonstad sentrum for 100 år sidan»
– Utstilling av nokre veteranbilar
– Auksjon