I dag la regjeringa fram stortingsmeldinga Ein forbetra tilstand for villrein.Fordi dei ti nasjonale villreinområda blei klassifiserte allereie i 2022, startar regjeringa med å utforme tiltaksplanar for desse. Dei første tiltaksplanane skal etter planen sendast ut på allmenn høyring i 2024, og dei skal fastsetjast tidlegast i 2025.
Nær 90 prosent av villrein i Europa er i Noreg, men bestanden er under press. Nå legg regjeringa fram nye tiltak som skal snu den negative utviklinga og betre tilstanden for villreinen.
- I dag finn vi nesten heile den europeiske bestanden av villrein i Noreg. Noreg har eit stort ansvar for å ta vare på arten, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen under fredagens pressekonferanse.
Utbygging, menneskeleg ferdsel og sjukdom har gått hardt ut over villreinen. I dag legg regjeringa fram stortingsmeldinga Ein forbetra tilstand for villrein.
- Den samla belastninga for villrein er for stor. Dersom vi skal lykkast med å snu den negative utviklinga og på sikt forbetra tilstanden til villrein, er det heilt avgjerande med ny og målretta politikk, med gode og kraftfulle tiltak. Det kjem vi med i dag, seier Bjelland Eriksen.
Høg terskel for nye inngrep i områda der villreinen lever, og eit naturrekneskap for villrein er blant dei over 50 tiltaka i meldinga.
Vil betre leveområda
Opphavleg kunne villreinen flytte seg relativt fritt gjennom det norske fjellandskapet. På grunn av ulike former for menneskeleg påverknad er leveområda til villreinen det siste hundreåret blitt fragmenterte, og dei har minska. Villrein lever i dag i fjellområde i Sør-Noreg. Forvaltninga er organisert i 24 villreinområde. Halvparten av områda i Noreg med villrein har dårleg kvalitet, mens 11 har middels kvalitet. Berre eitt av dei mindre villreinområda har god kvalitet.
I stortingsmeldinga legg regjeringa fram eit konkret mål om å snu den negative utviklinga i alle dei 24 villreinområda innan 2030.
- Det er eit ambisiøst mål. Stat og kommune har eit særleg ansvar, men skal vi redde villreinen må alle sektorar og aktørar bidra. Samstundes er målet at alle skal bidra litt, snarare enn at nokon bidreg med alt, seier Bjelland Eriksen.
Foto: Regjeringa la fredag fram ei ny stortingsmelding for villreinen. Foto: Forsida stortingsmeldinga.
Klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen frå dagens pressekonferanse.
Innan 2050 skal det være minimum middels kvalitet for alle villreinområde, og innan 2100 er målet god kvalitet for alle nasjonale villreinområde.
I stortingsmeldinga fremjar regjeringa ny politikk innan fem strategiske område:
- Heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet
Dette vil seie at det skal vere ein høg terskel for nye inngrep i villreinområda. Alle avgjerder og aktivitetar i villreinfjellet skal sjåast i samanheng, og omsynet til villrein må i større grad lyftast fram og vektleggjast.
2. Auka tilrettelegging av villreinvennleg ferdsel
Det betyr særleg å styrkje arbeidet med å kanalisere ferdselen vekk frå område som er viktige for villrein, og ut mot område der ferdselen ikkje forstyrrar villreinen, for eksempel randområda eller andre fjellområde.
3. Betre villreinhelse
Regjeringa vil sikre gode sjukdomsførebyggjande tiltak, samt fortsett effektiv handtering og nedkjemping av alvorlege sjukdomsutbrot.
4. Meir berekraftig bestandsforvaltning av villrein
Vi treng ny kunnskap tilpassa lokale forhold som blir tatt i bruk i forvaltninga av villreinen. Regjeringa vil leggje til rette for at dei som har retten til jakta kan inngå frivillige samarbeid om fredingssoner i område der det er behov for dette.
5. Målretta restaurering av leveområda til villreinen
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere meir utveksling av villrein mellom villreinbestandane, og at villreinen i større grad skal kunne flytte seg fritt innanfor dei villreinområda som er etablerte i dag.
Tiltaksplanar for kvart villreinområde
Den nye stortingsmeldinga legg viktige føringar, men dei konkrete tiltaka for å betre tilstanden i kvart enkelt villreinområde kjem gjennom lokale tiltaksplanar. Det vil mellom anna seie dei ulike restaureringstiltaka.
Fordi dei ti nasjonale villreinområda blei klassifiserte allereie i 2022, startar regjeringa med å utforme tiltaksplanar for desse. Dei første tiltaksplanane skal etter planen sendast ut på allmenn høyring i 2024, og dei skal fastsetjast tidlegast i 2025.
Faktaboks: Villrein i Noreg
- Villreinen vandra inn i Noreg for rundt 10.000 år sidan, og var viktig for dei første menneskelege busetnadane her i landet.
- Arten har framleis ein unik posisjon som ein del av Noregs natur- og kulturarv og som berar av tradisjonar og kulturell identitet.
- Vi finn nesten 90 prosent av vill, europeisk fjellrein i Noreg, noko som gjer villreinen til ein norsk ansvarsart. Den norske totalbestanden av villrein i Noreg er på om lag 25.000 dyr vinterstid.
- I 2021 blei villrein for første gong klassifisert som nær trua på raudlista, på grunn av reduksjon i talet villrein som følgje av tiltak mot skrantesjuke. Raudlista er ei oversikt over artar som har risiko for å døy ut i Noreg.
- Det er over fleire tiår sett i verk ei rekkje tiltak for å bevare villreinen. Det er mellom anna oppretta verneområde der villrein er ein del av verneformålet, ein har etablert Norsk villreinsenter, og det er innført regionale planar etter plan- og bygningslova. Dette har likevel ikkje vore nok for å snu den negative utviklinga.
- I 2020 blei det etablert ei kvalitetsnorm for villrein. Kvalitetsnorma er retningsgivande og beskriv mellom anna kvaliteten på villreinbestanden og leveområdet for dei 24 villreinområda.
- Meld. St. 18 (2023–2024) – Ein forbetra tilstand for villrein
- Regjeringa vil betre tilhøva for villrein i Noreg
Nyheit | 05.10.2022