At eg set meg til å skrive dette opne brevet har sin bakgrunn i at eg i går kveld var på ei fin samling i Jøren-huset på Kvæven bygdetun. Det blei servert ertesuppe og flatbrød, altså solid god sirdalsk tradisjonskost, pluss kaffe og kake. Den som sytte for suppe og flatbrød var Sirdals flinke kokke og matkunstnar Torbjørg Haugen. Så fekk vi og servert historia bak Jøren-huset av Magnar Undheim. Den eldste delen av huset er frå 1770. Magnar ramsa og opp fleire med namnet Jøren i slekta til dei som etter kvart ga frå seg huset til Sirdal kommune. Veldig interessant!
I dag byrja eg å tenke på kva tid Kvæven Bygdetun blei bygd. Eg leita på «nettet» og kom etter kvart over ein artikkel som stod i Agder 7. mars 2021. Der kunne eg lese at eigarane av huset, Torjus og Synnøve Fidjeland, ga kommunen tilbod om å få overta huset i 1974. Kravet frå gjevar var at det skulle bli bygd opp eit bygdetun i Øvre Sirdal. Den 13. mars 1975 takka kulturutvalet i kommunen «ja» til tilbodet, og våningshuset blei reve i mai 1975. Så blei materiala liggande lagra så lenge at gjevar purra på ei avklaring. I 1979 blei det bestemt at huset skulle reisast. Dette huset var bebudd fram til 1973. Både huset og ein del av møblane i huset blei gitt til kommunen for å ta vare på bygget, og også for å ta vare på historie frå Sirdal i tidlegare tider.
Jøren-huset var altså på ein måte «startsignalet» til Kvæven bygdetun. Seinare har huset fått selskap av ni andre gamle bygningar frå ulike stader i Sirdal.
Ei tid nå har gått og undra meg over kva som skjer med kulturetaten i Sirdal kommune. Denne etaten har tidlegare vore ein velfungerande etat, men nå verkar det som at det snart ikkje er noe att av denne. Kva skjer??
Og så har eg høyrt diverse nedslåande kommentarar om Kvæven Bygdetun. Bygningane som er blitt samla der blir ikke tatt vare på av kommunen, blir det sagt. Er det slik?? I så fall er det svært leitt. Det er då innlysande at gamle bygg som blir gitt til eit bygdetun som det på Kvæven, treng vedlikehald for ikkje å forfalle.
Det er kanskje ein samanheng mellom dei to nemnde sakene??