Eg har lenge fulgt med på debatten omkring vindmøller i Noreg og i Sirdal.
No når det nærmer seg at det skal bli tatt ei beslutning om fleire vindmøller her i Sirdal så vil eg gjerne dele nokre tankjer og perspektiv eg har gjort meg.
I følgje FN er nedbyggjing av natur og tap av artsmangfold vår tids største trussel.
Tenk på det.
Vår tids største trussel.
Ein av dei raudlista artane i Norge, og i Sirdal pga vindkraftutbygging er Hubroen.
I vindkraftomrader har antall Hubro lokaliteter blitt redusert med over 40% etter utbygging.
Hubroen som vi kaller den på norsk, eller Bubo Bubo på latin er ein fugl som er omsvøpt i mytologi og overtru.
Ugla har til alle tider representert visdom.
Samt evna til a sjå ting under overflata og det som rører seg i mørke.
Hubroen er no rødlista i Norge.
Visdomsfuglen vår.
Evna vår til å sjå under overflata av det som blir presentert oss.
Ei evne, som er heilt nødvendig i desse tider kor mykje av det som foregår av avtaler og planlegging er untatt offentlegheita – og kor det er mykje penger i spel.
Kva er visdom, spør du?
Visdom eller klokskap er det å vita noko og ha evna til å nytta denne kunnskapen.
Så kva er det vi veit?
Vi veit at den uberørte naturen både i Noreg og i verda blir bygga ned på rekordtid.
Samtidig som at uberørt natur er alfa og omega for å hjelpe på både klimaendringer, og redde og verne naturmangfald.
Vi veit at i Sirdal sit vi på ei gullgruve av fantastisk uberørt natur.
Vi har også ofra enormt mykje av den naturen vi har til vasskraftutbygginga til Sira Kvina, og sjølv om det gav mange arbeidsplasser og mange goder, så har det hatt betydelege konsekvenser for naturen vår her allereie.
Vi veit også at dersom ein oppgraderte og satsa meir på dei vasskraftverka som allereie har infrastrukturen på plass og der det allereie er gjort naturinngrep så blir vindmøller på land overflødige.
Ville ikkje då det vise valget vere å satse på det som gav minst inngrep i uberørt natur?
Kva om vi samtidig med at hubroen forsvinn, mister evna vår til å vere vise? For det ser ut til at dei som rår, berre vil kaste naturen vår på det grønne skiftet sitt bål.
Huldrefolket, dei underjordiske og Huldra sjølv er nokon vi alle kjenner frå folketrua og eventyr.
Dei var ofte ei personifisering av den ville naturen som var utanfor gardslivets domene. Og naturen var under deira beskyttelse.
I følge store norske leksikon så var det slik at når folk kom til setra, matte dei spørje huldrefolket om lov til å vere der. Ein spurte også om lov når ein skulle sove i fiske eller jakt hytta.
Budeiene, som levde tett på huldrefolket måtte ha gode relasjoner og sølte ofte ein ekstra skvett melk på golvet i fjoset slik at dei underjordiske også fekk mat.
Ein skulle også mange stader gjerne ha ein eigen bås til ei huldreku. Dei som viste hensyn blei ofte belønna med mykje smør og ost frå dyra sine.
Kvifor kan ein spørje seg gjorde ein dette?
Fordi ein visste at dei som ikkje viste hensyn hadde lite hell i arbeidet.
Før så visste dei at vi måtte respektere den ville naturen vår. Vi visste at dersom vi ikkje viste hensyn til dei underjordiske «les; naturen» så ville det ikkje gå oss vel heller.
Eg trur vi menneske har blitt for arrogante, med våre store ego, teknologiske utvikling og hug etter penger. Det virker som om vi trur at vi berre kan sprenge bort nokre fjelltopper, bygge 20m breie veger og smelle opp 50 monster vindmøller, i heilt urørt eldgamal natur utan at det er konsekvenser? – det er ikkje så farleg, det er jo berre stein.
Vi spør ikkje huldrefolket om lov, det er sikkert.
Vi tenkjer ikkje eigong på om det er vår fjelltopp å endre på?
Ein topp som har sett fleire livssykluser enn vi kan drøyme om.
Hvis vi slutter å lytte, å ta hensyn til dei kreftene som lev rundt oss så kan det jo nok hende at det ikkje går oss vel.
Det blir messa om «meir kraft, raskare» og gode økonomiske forhold til utbyggere og kommune. Men kva om vi heller skrur ned forbruket. Mindre teknologi, mindre forbruk. At ein del av løysinga også handler om at vi må skru ned på det vi trur vi treng.
For vi har meir enn nok.
Og heller skape meir samhald, meir kreativitet, meir enkelheit tilbake i liva våre.
Amerikanske indianske stammer har eit konsept som heiter sju generasjons planlegging.
Ideen går ut på at beslutningar som blir gjort i dag skal ta hensyn til dei potensielle fordelene og ulempene som kjem til å bli følt på av dei sju neste generasjonane.
I forhold til klimaendringer, så kan ein jo seie at våre globale forfedre ikkje har tenkt den tanken. For vi befinn oss alle saman i ein kritisk situasjon.
Men vi kan starte no.
Så vi må spørje oss sjølve, kva er det vi vil etterlate til dei neste sju generasjonane?
Her i Sirdal, vår vakre, ville og vene dalføre – men også nasjonalt og globalt.
Skal vi rasere fjella, for a setje ut svære vindmøller som tek med seg bade ørn og hubro, og som til sist blir gavd ned i jorda når dei ikkje lenger er opererbare og ettelet store opne sår i fjellheimen?
Eller skal vi vere dei som verna, som bevarte det som er ekte.
Det som er tidlaust. Gi videre den gåva vi har fått av uberørt natur.
Vi har nemleg som nasjon og i Sirdal fått ei fantastisk gåve av våre forfedre og formødre.
Vi bur i eit land som i stor grad er uberørt av tid.
Der sjela får ro, og vi kan observere livet slik det har vore, og er meint å vere.
Menneska treng slike stader, og det blir færre og færre.
Det er ei grunn for at folk kjem frå alle verdas hjørner for å oppleve Sirdal og Noreg sin natur.
Dei får sjelero.
For vi har bevart fjellheimens ro.
Noreg og Sirdal og verda tener på at vi verner om det vi har.
Ein kan ikkje verne om noko ein ikkje har eit forhold til. Dersom det blir byggja ut vindkraft på den skalaen det er planlagt i Sirdal så røver vi komande generasjoner for eit heilt spesielt forhold til naturen.
Det tek inga tid eller kunnskap å øydeleggje. Å øydeleggje noko er lett.
Men å verne om det som har tatt tusen år på å vekse fram.
Å verne liv – der andre vil øydeleggje.
Det er vanskeleg.
Eg håper og trur at vi her i Sirdal kan ta dette valet med hjarta.
Der penger, kjem i andre rekkje.
For uansett kor mykje penger ein har, så kan ein aldri få den naturen vi har tilbake om vi begynner å øydeleggje å leike gud.
Vi har allereie kunnskap om, og erfaring med vasskraft.
Lat oss bruke det vi kan.
Vi har mykje regn, og i følgje prognoser så skal det jo berre kome meir av det her i Sirdal i framtida.
Lat oss ta kloke valg og lære oss å sjå i mørkret.
Ver som hubroen, og ta hensyn til huldrefolket.