• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
SirdalMedia logo

Siste nytt fra Sirdal! Tips eller innspill? Kontakt oss

  • Bli abonnent
  • Webcam
  • Debatt
Meny
  • Nyheter
  • Sport
  • Kultur
  • Debatt
    • Send inn leserinnlegg
  • Kommunen
  • Samferdsel
  • Næringsliv
  • Turløyper
  • Hytter
  • Været
  • Alpint
  • SirdalMedia-Appen
Logg inn
  • Bli abonnent
  • Min side
  • Tips oss
  • Kontakt oss
  • Annonsere?
  • Våre sponsorer
  • Personvern
  • Salgsvilkår
LESERBREV
7 minutter lesetid

Kommunen som mediehus?

Foto: Arkivbilde / Leif Sirevåg
Torger Åge Sinnes
Publisert: 20 januar, 2025 19:16
Oppdatert: 20 januar, 2025 20:31
Delta i debatten! Send inn ditt leserinnlegg her.

I det siste har min heimkommune vore særs aktiv på “medie”fronten. Ikkje berre har dei skaffa seg konto på X. Den har og oppretta ein eigen blogg der gladnytt frå kommunen vert publisert. (Det er påfallande kor lite informasjon som dukkar opp der om kritikkverdige tilhøve, men det gjeld jo og generelt…)

Saken fortsetter etter annonsen

Siste stuntet er å flytte ei lenke som tok deg til videoppotak frå politiske møte, vekk i frå kommunens offisielle side (https://www.sirdal.kommune.no), og over til denne bloggsida.

Skjermdump fra sirdal.kommune.no

Er så det noko å bry seg med?

Ja. I alle fall når det vert lagd fram som om at dei «flytter» sendingane for å verte meir tilgjengelege, utan at det er det som er resultatet, meiner eg at det er det. Det vert framstilt som noko det ikkje er.

Politiske møte vert sendt ut på https://sirdal.kommunetv.no. På lik linje med politiske møte i Oslo, eller Sola.

Skjermdump fra sola.kommune.no

Når min kommune går ut og seier dei vil konsentrera informasjonsflyten “til ei flate”, men aldri har hatt fleire flater å opphalda seg på (heimesida, instagram, X, fleire Facebook-kontoar, denne nye “informasjonssida” OG eit magasin i papirform), så er det for meg noko som ikkje heng på greip.

Skjermdump fra sirdal.info.no

Så på bakgrunn av dette, tok eg kontakt med relativt nytilsett kommunikasjonssperson i kommunen, Wikøren, for å formidla det eg meiner om det. (I tillegg til litt skikkelege medie også, sjølvsagt);

Hei.

Eg må seie at det som innbyggjar opplevest ugreit at lenka til sendingane i frå politiske møte vert “flytta” til XYZ.

xyz.kommune.no er gjennomarbeida URL i heile landet når det kjem til kommunal sektor.

At ein i Sirdal vel å “fjerne” dette til ei ekstern (men likevel intern?) bloggside, er lite klokt.

Sendingane føregår uansett ikkje på korkje sirdal.kommune.no eller sirdal.info, og det veit de! Å antyde noko anna er, i mangel av betre ord, “fake news”.

Så lenge det fortsatt er lenke til sendingane på sirdal.kommune.no, er det forvirrande å senda brukaren over til ei propagandaside for kommuenen. Politiske møte skal, og bør kunne oppdrivast på det som er kommunens offisielle nettside.

At dette trikset også direkte vil påvirka trafikken til XYZ er jo og noko ein kan stilla store spørsmålsteikn ved, utan at eg tek meg bryet med å gå inn på det akkurat i denne omgang.

Saken fortsetter etter annonsen

Ein kunne like gjerne sendt brukaren til sirdalmedia.no, der dei så hadde lenka vidare til https://sirdal.kommunetv.no/. Akkurat det hadde paradoksalt nok vore meir logisk, så Sirdal Media faktisk er ei mediebedrift som har som oppdrag å formidla slikt, i skarp kontrast til kommunens konkurrent XYZ.

Det aller beste, mest logiske og etisk rette er jo likevel å formidle videostraumane direkte frå kommunens offisielle URL (sirdal.kommune.no) og til: https://sirdal.kommunetv.no/ Slik det har vore gjort før.

I staden velgjer Sirdal kommune å driva propagandajournalistikk på skattebetalaranes mynt?! Ein kunne i staden gjeve ei stønad til ei (eller fleire) uavhengige medie som kunne hatt som føremål å kritisk dekkja det som rør seg i Sirdal kommune…uavhengig av kva politisk parti som har handa på roret.

Akkurat det har jo og har vore oppe politisk tidlegare. Paradoksalt nok ville ikkje ordførar Liland vera med på det. Så ser ein jo i desse dagar at det har vorte svært populært med sin eigen “truth channel”…

Eg tenkjer vel at det er ein grunn til at over 5000 sjåarar følgde med på ei politisk sak. Og det handla ikkje om kva videomøtene vert lenka i frå.

Saken fortsetter etter annonsen

Mitt forslag: legg varslingssaka (som ingen snakkar om høgt) på sakskartet. Diskuter denne saka open. Spør kvifor så mange tilsette i kommunen har slutta/flytta dei siste åra. Spør kvifor så mange har “pensjonert” seg, eller vorte forsøkt pensjonert av kommunedirektøren. Då tenkjer eg at det vert trafikk.

Så er det jo også eit spørsmål om det er det som er målet med å ha videomøte på nett. Å få sjåarar? Me er ~1800 innbyggjarar her…ikkje alle er myndige. Kvifor treng ein 5000 sjåarar?

I mitt hovud så er dette tiltaket eit demokratisk verkty i Agders største kommune i areal. Det er eit tiltakt for at fleire skal få med seg kva som skjer politisk. Eit verkty for at dei tillitsvalgde skal kunne haldast ansvarleg for det dei vedtek.

Problemet er, som me såg i siste TLM, at det er få saker som kjem opp politisk. Mykje vert “ordna” på bakrommet, utan at andre enn visse innvigde får innsyn i det. Då er ting særs vanskeleg å etterprøva. Det er ein uting!

Men i 2024 handlar jo det meste om “klikk” og “likes”.

Ah. Så var me visst komne til 2025…?

Kommunen som mediehus?

Du vil kanskje også lese

Diskusjon om prioriteringer og infrastruktur

Linker

Tips oss
Kontakt oss
Ditt abonnement
Registrer/logg inn

Redaksjonen

Redaktør
Christer Skaren
Tlf: 41 78 19 24

Journalist
Aadne Hompland
Tlf: 99 34 25 79

 

Journalist
Gard Trydal
Tlf: 94 13 33 35

Teknisk support
Ruben Skaren
ruben@sirdalmedia.no

Følg oss

  • Email
  • Facebook
SirdalMedia arbeider etter reglene for god presseskikk i Vær varsom-plakaten. Mener du at du er rammet av urettmessig omtale, oppfordrer vi det til å kontakte redaktøren.

Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund. Utvalget behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål. Adresse: PFU, postboks 46 Sentrum, 0101 OSLO, Telefon: 22 40 50 40, epost: pfu@presse.no.

SirdalMedia har forpliktet seg til å følge Redaktørplakaten. Plakaten sier blant annet: «Redaktøren skal fremme fri informasjonsformidling, og en åpen, redelig og sannhetssøkende journalistikk.  Det er redaktørens ansvar å sørge for et tydelig skille mellom fakta og meningsinnhold, og at det klart fremgår hva som er redaksjonelt innhold og hva som er kommersielt materiale.»
SirdalMedia-logo
SirdalMedia © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no