Tankar etter valget
Eg har blitt utfordra på kva valgresultatet kan ha å seie for Sirdal. Først av alt er det glede over at KrF kom over sperregrensa. Det betyr enormt for partiet å kunne fylla komiteane på Stortinget med eigne representantar, og få ressursar til å jobba grundig med sakene som kjem der. Med to i partiet frå Agder, vil det også bli meir tid for desse å halde god kontakt med kommunane på Sørlandet.
Valget er over, og folket har talt. Det er skremmande at så stor del av veljarane går til kvar sin ytterkant. Det blir ikkje lettare å vera utkantkommune dei neste åra. Vi må nok fortsetje å kjempa hardt for rettferdig kompensasjon for bruk av naturressursane våre til beste for storsamfunnet.
Det blir ei oppgåve for oss å retta opp lokalt for det som blir gjort feil nasjonalt. Å løfta fram frivillige for eksempel. Myndighetane vil styra mykje av livet vårt. Frivillig kan delast i to, fri og villig. Får vi fritt velja det som engasjerer oss, blir vi også villige til å gjera ein innsats for fellesskapet. Det gir gode møteplassar, omsorg for dei som treng det og mange aktivitetar. Vi må auka støtta kraftig til frivillige tiltak, utan å blanda politikk inn i kva dei driv med. Energiprisane har vore urimelege for oss som bur i prisområde NO2. Sirdal har alt billegare straum til næringslivet, og har dermed gitt ein konkurransefordel til eigne bedrifter. For private vil den nye norgesprisen spara lommebøkene godt. Men det er ingen gulrøter til å spara straum, og presset på utbygging av meir fornybart vil auka framover. Sirdal går spennande tider i møte med dei store planane for datasenter. Det er ein god ting at krafta vår blir brukt her, og kan gi store
ringverknader for heile regionen vår. Det vil spara natur og kostnader på utbygging av linjer for å føra krafta bort frå oss. Det er eit tankekors at fleirtalet i kommunestyret har sagt nei til vindkraft, mens Statnett trer ei ny linje til Stavanger, gjennom akkurat det same området, ned over hovudet på oss. Vi får ikkje vera med å bestemma, og lite og ingenting kompensasjon.
Kunnskapsministeren har gjort ein god jobb. Ho har faktisk tatt fram mange av dei sakene KrF har fronta lengje for skulen. Meir leik for dei minste, meir praktisk undervisning, mindre skjerm og fleire bøker. Nå får vi håpa på at ho også landar på at borna i framtida skal læra at det finnes bare to kjønn. Punktum. Politikarane i Sirdal er enige i å bruka dei resursane som trengs, og det lovar godt for Sirdalsskulen
Utan Senterpartiet i regjering vil nok politiet vårt koma i spill. Leiinga i sørvest vil gjerne leggja ned i Sirdal. Vi bør koma dei i forkjøpet med å ta initiativ til oppgåver som er naturlege her. Beredskap for energianlegg og samspelet med frivillige i leiteaksjonar er eksempel på slike. Vi har jo samarbeidet med Leitegruppa å byggja vidare på.
Til slutt vil eg gi honnør til Sirdalmedia for store og små saker dei tar opp. Det er veldig viktig at media er uavhengig. Når myndighetane vil kontrollera kva for informasjon som skal ut til folket, har vi eit stort demokratisk problem.