SirdalMedia
5 minutter lesetid

Bryt regjeringa mandatet frå Stortinget med tiltaksplanen for villrein?

Etter mi meining ja, og her er kvifor.  Dette stykket vert litt teknisk og kan hende lite spennande, men ber over med det.  Det er naudsynt.

Saken fortsetter etter annonsen

Miljødirektoratet fekk i 2022, etter at kvalitetsnormen for villreinen var laga, i oppdrag av Klima og Miljødepartementet (regjeringa) å starte arbeidet med utarbeiding av tiltaksplanen for villrein.  Deretter skreiv og fremma regjeringa stortingsmelding 18 i 2024. Denne vart endeleg handsama av Stortinget 13. juni 2024. Det som klart kjem fram er kravet frå Stortinget om at tiltaksplanen  i hovudsak skal vere frivillig og lokalt forankra. Stortinget gav støtte til modellen, men understreka at den i tillegg skal vere kunnskapsbasert, ha brei lokal involvering og vere realistisk å utføre.

Statens byråkratar hevdar tiltaksplanen, som den ligg i dag, hovudsakleg er frivillig. I tiltaksplanen for Snøhetta har dei skrive «Omtrent 80 prosent av tiltakene i tiltaksplanen er frivillige tiltak», og vi har blitt fortalt det same i lokale informasjonsmøte. Dette høyrest fint ut, men er det sanninga?

Nokre av tiltaka er direkte krav, og nokre har staten rett til å gripe inn i. Etter gjennomgang av dei 75 tiltaka finn eg (og KI) ut at staten kan tvinge fram 48 av dei 75 tiltaka, direkte eller indirekte. Ser ein vidare på kven tiltaka treff endrar biletet seg kraftig. 52 av tiltaka rammar lokalt, og mange av dei beinhardt. Dei gjeng rett på inntening og lokal ferdsle, både med og utan motor (mange av dei har høgst usikker effekt for reinen). Det er no det verkeleg finurlege kjem. Av desse tiltaka, som rammar hardt lokalt, kan staten overstyre mellom 70 og 90 %, noko avhengig av kva andre lover staten parallelt kan bruke. Dette kan langt frå kallast «i hovudsak frivillig».  Så er eg klar over at dyktige byråkratar (for dyktige er dei verkeleg) heilt sikkert klarer å finne formuleringar slik at dei framleis kan hevde kravet om frivillig er ivareteke.  Det endrar likevel ikkje fakta, og heller ikkje kva vi føler.

For å finne desse tala har eg fått hjelp av kunstig intelligens. Makelause verktøy til å handtere store mengder tekster.  Grok, Gemini, Copilot og Chatgpt har alle analysert dei ca. 300-400 sidene med offentlege skriv rundt saka.  Dei er ikkje heilt samde,  Grok hevdar det er 93 % tvang av tiltak som rammar lokalt, Chatgpt meiner ein stad mellom 65 og 70 % tvang. Alle konkluderer likt på spørsmålet mitt i overskrifta. Det er korrekt å hevde at regjeringa, med å vedta denne tiltaksplanen, bryt mandatet gitt av Stortinget. Ganske alvorleg etter mi meining.  Eg oppfordrar alle til å etterprøve påstandane mine.  Du finn alle dokument på regjeringa og Stortinget si heimeside.  Fokuser på vedtaka fatta i behandlinga av meld.st.18.

Om vi i tillegg dreg inn det parallelle arbeidet med å endre lova om motorferdsel, samt arbeidet med å få lov til digital overvaking, vert framtidsbiletet heller dystert for bygdene våre. 

Eg oppfordrar alle som likar å ferdast i fjella til å tenke grundig over kva som faktisk skjer no. Er du ein av dei som har kjøpt hyttetomt og enno ikkje bygd? Då kan du risikere å måtte skrive verdien til null om tiltaksplanen for villrein vert vedteke. Du tenker kanskje at så galt kan det ikkje vere, vel les tiltaksplanen og gjer opp di eiga meining. Mange alpinanlegg ligg no, etter den nye definisjonen av villreinfjella, i terrenget definert som villreinfjell. Lokalt ligg alpinbakkane både i Brokke og på Hovden på kartet til villreinfjella. Korleis vil dette verte tolka av forvaltninga i framtida? Minner om at Statsforvaltaren i Agder allereie har prøvd å bruke den nye planen for å stoppe bygging på godkjente tomter.

Summen av konsekvensar for distrikta gjer denne tiltaksplanen for villrein til det mest distriktsfiendtlege tiltaket som har vorte fremma så lenge eg har følgt med.  Kraftutbygginga på 70- og 80-talet var ekstremt inngripande. Dette var det likevel mykje aksept for, den bar og med seg positive konsekvensar, og ikkje minst var den viktig for heile Noreg.  Tiltaksplanen for villrein treff alle, bygd og by – til slutt ryk allemannsretten. 

Saken fortsetter etter annonsen

For meg er det rart at regjeringa vel å setje dei som lever saman med reinsdyra i ein situasjon der reinsdyra vert største fienden. Hadde eg vore reinsdyr, ville eg verkeleg ha vore bekymra for framtida mi. Dette fortener ikkje alle dei friske og fine reinsdyra.     

Det er klokskap å snu i tide. Planane må forankrast lokalt, utan tvang. Då klarer vi saman å gjere levekåra for reinsdyra betre, utan å øydelegge gleda vi alle har av heiane.