SirdalMedia
3 minutter lesetid

Tannklinikkar forsvinn mot kommunanes vilje

I morgon skal fylkestinget vedta tannklinikkane i kommunane si framtid. Posisjonen ved KrF, Høgre, Venstre og Frp har allereie innstilt på ei massenedlegging av tannklinikkane i Agder. Senterpartiet er grunnleggande ueinige med dei andre posisjonspartia om denne saka, og Thor Jørgen Tjørhom vil saman med Kristin Ljosland og Margit Dale, kjempe til siste slutt for å sikre tannklinikkane i fylket. 

Saken fortsetter etter annonsen

Då saka kom på bordet i vår var SP sikre i vår sak – kommunane må seie si meining. Etter ein høyringsrunde no i sommar og tidleg haust er det klart for fylkespolitikarane kva kommunane meiner. Dei vil ha klinikk i sin kommune. Kostanden for kommunane når brukarane skal transporterast langt, følgast av kommunalt tilsette, kan for einskilde kommunar bety ei stor kostnadsauke. Sirdal kommune har gitt ei klar høyringsuttale mot føreslege vedtak. Utvalet for oppvekst og levekår har snakka om saka, og det er særskilt utfordrande om brukarane skal reise lenger. For ein del innbyggarar i Sirdal, må ein allereie ta fri frå skulen for å gå til tannlegen. Dette vil gå utover barna, foreldre og andre svake grupper. 

Vedtaket vil altså bety at i kommunane som ikkje har eit godt utbygd kollektivtilbod, er ein avhengig av foreldre som kan ta fri for å køyre barn. Me veit at mange familiar i dag allereie har det trongt. Å skulle forvente at familiar utan bil skal kunne legge ut for taxi-køyring i fleire mil, er ugreitt. Massenedlegginga går ut over dei svakaste. Organisasjonane som arbeider med inkludering i Agder er i fylkeskommunen representert i eit av medverknadsråda. Rådet var klare i sin sak – deira perspektiv på å ivareta dei som treng det mest, er utelate i forslaget. 

Så kva vil ein spare? Nei, desse summane er framleis uklare. Ingen kan, verken politisk eller administrativt i fylket, seie noko om kva innsparinga ved å investere i storklinikkar, framfor å ta vare på det me har i dag. Ingen kan seie noko om kor mykje meir fylkeskommunen kjem til å måtte betale i skyssrefusjon til pasientane. 

Sirdal Senterparti håpar verkeleg at Krf, Høgre, Venstre og FRP tenker seg om. At dei tenker på konsekvensane for barna og andre grupper i distriktskommunane, som får lang reiseveg.