Trygg oppvekst og fleire innbyggjarar i Sirdal
[Partiuka – Uke 44: Senterpartiet]I Sirdal har me mykje å vere stolte av. Me har naturen tett på, gode skular og barnehagar, og eit lokalsamfunn der folk bryr seg om kvarandre. Likevel veit me at framtida ikkje kjem av seg sjølv. Skal me halde liv i alle grendene og sikre gode tenester for både unge og eldre, må me få fleire til å busette seg her – og dei som bur her må oppleve at det er trygt og godt å vekse opp i Sirdal.
Sirdal Senterparti meiner at trygge oppvekstvilkår er nøkkelen til busetting. Difor vil mehalde fram med to barnehagar og to skular i kommunen, med kompetente tilsette som brukarnaturen som læringsarena. Me vil sikre meir leik for seksåringane, og gje barn og unge fleiremøteplassar og fritidstilbod. Når ungane trivst, trivst også foreldra – og då blir det lettare å velje Sirdal som heimstad.
Me ser at fleire unge kjenner på einsemd, og difor må kommunen satse på kultur, idrett og lavterskeltilbod. Lag og foreiningar er limet i lokalsamfunnet, og dei må få gode vilkår. Me vil òg ha gratis kollektivtilbod for barn og ungdom i heile kommunen, slik at det blir lettare å møtast på tvers av grender.
Samtidig må me leggje til rette for bustader og arbeidsplassar i heile kommunen. Kommunale tomter må vere klare, og me må stimulere til spreidd bustadbygging. Me treng også kommunale leigebustader, slik at folk kan «prøvebu», før dei byggjer sjølv. Mange kan i dag bu i Sirdal og jobbe digitalt for verksemder andre stader – difor vil me satse på gode breibandsløysingar og kontorfellesskap.
Sirdal har store ressursar i kraftinntekter og natur, og me må bruke desse til å skape bulyst og framtidstru. Me vil halde fram med å bruke inntektene frå krafta til å styrke tenestene, støtte næringslivet og gje innbyggjarane gode vilkår.
Senterpartiet trur på levande bygder, trygge oppvekstmiljø og lokal handlekraft. Me vil at Sirdal skal vere ein kommune der folk både kan vekse opp, få seg arbeid og bli gamle – med tryggleik, fellesskap og framtidstru.


