Nye veier til og frå Sirdal
[Partiuka – Uke 45: KrF] Sirdal ligg langt frå næraste tettbygde område, derfor er veier svært viktig for oss. Utan tog, båt eller fly i kommunen blir vei det vi er heilt avhengige av. Gode kommunikasjonar skapar grunnlag for at næringslivet skal fungera. Derfor er gode veier vesentleg for framtida i kommunen.
Nå starter snart arbeidet med ny tunell på Haughomveien. Etter ei lita utsetjing i fylket, der Sirdal måtte inn med lovnad om at tilførselen av kraftpengar frå Sirdal ikkje stoppar opp, er jobben tildelt entreprenøren Hæhre. Dette er eit viktig prosjekt for sikrare og meir moderne vei.
Nye Veier sine prosjekt kjem og nærmare oss. Det har tatt tid, og siste utsetjing har vi nok framleis framfor oss, før vi kan bruka denne veien både aust og vestover. Når vi får samanhengande frå Kvinesheia til Kristiansand er i alle fall ein god milepæl nådd.
Men ein svært viktig ting for Sirdal er korleis vi kjem oss inn og av den nye vegen. For fleire år sidan då KrF var med i fleirtalet, hadde vi møte med sjefen i nye veier, Anette Aanesland, og poengterte kor viktig det er for oss kor kryssa blir plasserte. Vi presenterte ei skisse, som vi hadde fått utarbeidd i kommunen, for betre tilførsel til den planlagde påkøyrselen når vi kjem ned Gyadalen. Nå har dette krysset blitt flytta på grunn av mineralforekomster, slik at det er endå mindre gunstig for oss.
Vi lufta også ein ide om å ha eit halvt kryss i Gyadalen med retning vestover. Det er jo få som køyrar her og skal austover. Nå er det svært viktig at leiinga i kommunen er aktive vidare og bit seg fast i buksebeinet på Nye Veier heilt til av og påkøyrsel i Gyadalen går rett vestover utan noko ekstrasving. Vi har vel alle meir enn ei gong irritert oss over å køyra 4,2 km ekstra når vi skal til Kristiansand og må ein runde via Feda for å koma inn på veien. Dette må vi ikkje oppleva på nytt med riksveg 42 vestover mot Stavanger.
Slik planane er nå vil det planlagde krysset på Frøytland vera gunstig for oss i Sirdal når vi skal austover. Då manglar det bare å få utbetra svingane opp til Gyland st. Dette kan gjerast uavhengig av når krysset blir bygd.
Det er uhyre viktig for framtida vår korleis kryssa på den nye E39 blir. Men også dei andre veiene til dalen har stor betydning for dagleglivet vårt, og må få dei midlane som trengs for å fylgja med i utviklinga.


