Sirdal treng meir sentrumspolitikk.
[Partiuka – Uke 45: KrF] Forslag til nytt statsbudsjett har nyleg blitt lagt fram. Det viser klart kor gale det blir når partia i sentrum blir for små, og ikkje har ei hand på rattet. Opprøret i distrikta har sin grunn. Støtta til nedskriving av studiegjeld med 25 000,- kr i året når ein bur i for eksempel Sirdal er viktig for dei det gjeld. Samtidig vil det bli lettare å få tak i kvalifisert arbeidskraft i distrikta med ei slik ordning. Kanskje kan det også få nokre fleire, som i dag pendlar til kommunen vår, til å bu her.
Vi ser også at det nye statsbudsjettet har kjempestore kutt i ordningar for familiane sin økonomi og valfridom.
Det er ikkje bra med store kutt i foreldre frådraget, i foreldrepengar til unge og andre som har vore lite i arbeid. Det er heller ikkje god politikk å kutta i støtta til einslege forsørgjarar. At eingongsstønaden reduseres med 32 000,- kr. er dårleg nytt for nybakte foreldre.
I tillegg er det reelt sett kutt i barnetrygda og kontantstøtta når prisauken ikkje blir utlikna.
I Sirdal har vi som mål nummer ein å auka talet på innbyggjarar, men dette vil vera ein politikk for å redusera allereie rekordlåge fødselstal. Dette statsbudsjett vil svekka økonomien til familiane, særleg for dei fattigaste og mest sårbare. Skulle alt dette gå i gjennom, må vi sjå på korleis vi her lokalt kan få til ordningar som kompenserer for dette.
Eit anna forslag i statsbudsjettet er å senka grensa for grunnrente og produksjonsavgift for småkraft frå 10 til 1,5 MW.
Sirdal har fleire små kraftverk som vil bli ramma av dette. Det har vi alt sett utslaget av når arbeidet med nye Gjosa kraftstasjon har stoppa opp. Dessutan kan det vera negativt for ordreinngangen for Norhard.
Staten eser ut i sentrale strøk, medan vi i distrikta får reduserte ordningar.
Sirdal har knapt ein statleg arbeidsplass lenger. Nei, vi treng at partia i sentrum blir større både nasjonalt og lokalt.



