SirdalMedia
3 minutter lesetid

Trygghet i Sirdal – beredskap bygges lokalt

[Partiuka – Uke 44: Senterpartiet] I ei tid med uro i verda, ekstremvêr og aukande krav til samfunnstryggleik, er det viktigare enn nokon gong at me har god lokal beredskap. I Sirdal skal folk kunne kjenne seg trygge – uansett kvar dei bur.

Sirdal Senterparti meiner at beredskap må byggjast nedanfrå. Me veit at når kriser oppstår, er det dei lokale kreftene som står først i lina – brannvesenet, helsepersonell, frivillige og naboar som stiller opp. Difor må me sikre at desse har ressursane og kompetansen dei treng.

Saken fortsetter etter annonsen

Kommunen fekk lukka avvik, når nå overordna beredskapsplan blei vedtatt i siste kommunestyre. Det var bra, men senterpartiet reagerer på at ordførar bagatelliserer at det har mangla kommunalsjefar for samfunn, velferd og oppvekst i krisestaben i lengre tid. 

God beredskap handlar om meir enn planar og papir. Det handlar om tilstadesverande politi, brannvesen, ambulanse og helsetenester i heile kommunen. Det handlar om at me har trygg vassforsyning, gode vegar og tilgang til straum og kommunikasjon når det verkeleg gjeld. Me er så heldige å ha eit godt brannvesen, som er raskt på plass når noko skjer. Senterpartiet etterlyste innkjøp av framskutt enhet i et par år, før den endeleg var på plass, så dei slapp å skrive avvik under utrykking. Nå er me lova at sak om ressursar og videre utstyr skal kome, og det er på høg tid. 

I Sirdal har me gode føresetnader for å vere ein trygg kommune. Me har engasjerte innbyggjarar, eit sterkt lokalsamfunn og nærleik mellom folk og tenester. Men me må halde fram med å investere i tryggleik – både i utstyr, kompetanse og samarbeid mellom kommune, næringsliv og frivillige.

Miljø og beredskap heng saman. Når me tek vare på naturen, tek me òg vare på tryggleiken vår. Me vil satse på lokal og berekraftig matproduksjon, meir skogplanting for å binde CO₂, og fornybar energi som kjem lokalsamfunnet til gode. Slik byggjer me både miljøvern og sjølvforsyning – to sider av same sak.

Tryggleik kjem ikkje av seg sjølv. Den må byggjast kvar dag, i kvar bygd. Sirdal Senterparti vil halde fram med å setje beredskap på dagsorden – for me veit at tryggleik for folk er det viktigaste me kan investere i.