SirdalMedia
2 minutter lesetid

Til ungdommen og litt til dei vaksne

[LESERINNLEGG/DEBATT] Kanskje det beste og mest framtidsretta vedtaket gjort av fleire kommunestyre no og bakover i tid, er ordninga med sommarjobbar for dei unge, både i kommunal og privat regi.

Saken fortsetter etter annonsen

Gjennom heile sommaren har eg møtt på ungdommar  i ulike jobbar, høflege, hyggelege og dyktige. Ikkje alle jobbar er berre spennande, noko er monotont og tungt. Noko er utadørs i all slags ver. Likevel møter dei opp, lærer ansvar og møter oss med smil. 13-14 åringane er prøvande og gjer så godt dei kan, så møter ein dei att som 18-19 åringar og dei arbeider sjølvstendig og har ansvar, og er gode   førebilete for dei yngre. 

Språkkunnskapane frå skulen er stadig i bruk og det nødvendig å plukka opp nye glosar. Då er det greitt både på Hekta og bakeriet å ropa til ein eldre kollega: «Kva heiter skulebolle på engelsk?» og medan arbeidet flyt vidare, svarer den eldre og dei ler saman.

For at dette skal fungera er det avgjerande med arbeidsgjevarar som er tydelege leiarar som rettleier, korrigerer og gjev gode tilbakemeldingar. Dei må  finnast, for resultatet er at frå bygdene her dreg ungdom ut med evner og erfaring til å klara seg i høgst ulike yrke. 

Eg vonar arbeidsgjevarar og foreldre gleder seg over dei flotte ungdomane som snart set seg på skulebenken att.

Takk for mange fine møte i sommar, ungdom!