Oktobersonett
I natt skal heile lauvskogen stå naken
med tida pustar jarn på hei og myr,
oktoberverda mørknar og blir klaken
og kvelden kler seg om til eventyr.
Saken fortsetter etter annonsen
Det stig eit sukk frå myr og døkke dalar
ei bøn mot stjerner frosne som av is,
for tida teier høgt som om ho talar
ja, syng ein tagal song til haustens pris.
Eg gjeng på stien, stansar, ser mot himlen,
som om eg søkjer gåter der eg går
med lengten min som kviler djupt i barmen,
ser opp mot håpet høgt i stjernevrimlen;
ein draum som sikkert vaknar neste vår
når tida kjem med lyset sitt på armen.