SirdalMedia
1 minutt lesetid

Piggsko

Då mormor forsto at ho ikkje lenger greidde å springe rundt kyrkja på under 20 sekund, ga ho piggskoa (sprintsko utan piggar i hælen) til meg. Eg har dei på denne oktoberkvelden der eg sit under det store bøketreet som tek all næring frå kjeglegrana vi har planta på mamma og pappa si grav. Eg har slått eit gult nylontau rundt kyrkja. Om du studerer måten eg held tauet på, vil du, med stor grad av truverd, kunne slå fast om dette er eit dikt eller ein draum.