SirdalMedia
3 minutter lesetid

Landbruket – livsnerven i Sirdal

[Partiuka – Uke 44: Senterpartiet] Landbruket er og skal vere ein berebjelke i Sirdal. Det handlar ikkje berre om matproduksjon, men om liv, arbeid og kultur i heile bygda. Når me ser utover gardane våre, ser me ikkje berre jorder og fjøs – me ser grunnlaget for busetting, beredskap og framtidstru.

Dei neste åra står landbruket i Sirdal overfor store endringar. Det gjeld både generasjonsskifte og nye krav som til dømes lausdrift. Då må me sørge for at dei unge som vil satse, får gode rammevilkår. Kommunen må vere ein aktiv medspelar – med målretta tilskotsordningar, god rådgjeving og ei landbrukspolitikk som gjer det mogleg å leve av jorda. Klimaendringar kan òg gje både meir nedbør, eller tørkeperiodar, som gjer at bøndene må gjer tiltak for å ruste seg mot dette. 

Saken fortsetter etter annonsen

Sirdal Senterparti vil at kommunen skal støtte bøndene i arbeidet med å kutte klimagassutslepp på ein måte som fungerer i praksis – tiltak som både styrkjer sjølvforsyninga og gjer drifta meir berekraftig. Me vil stimulere til lokalprodusert mat, satse meir på skogbruk og treplanting for å binde CO₂, og sikre tilskot til landbruksvegar som gjer drifta enklare.

Landbruket i Sirdal er også ein del av beredskapen vår. I ei uroleg verd må Noreg produsere meir av maten vår sjølv. Senterpartiet har sett som mål å auke sjølvforsyningsgraden til minst 50 prosent innan 2030 – og Sirdal skal bidra. Me har ressursane, kunnskapen og viljen.

For å halde liv i bygdene må me også sjå landbruket i samanheng med anna næring. Reiseliv, lokalmat og småskala produksjon kan gå hand i hand. Når me tek vare på kulturlandskapet, legg me også grunnlaget for turisme og trivsel.

Sirdal skal vere ein kommune der det er mogleg å bu, arbeide og drive gard – frå fjord til fjell. Det krev politisk vilje, lokal handlekraft og respekt for dei som står opp kvar dag for å produsere maten vår.

Landbruket er ikkje berre ei næring – det er sjølve livsnerven i Sirdal.