SirdalMedia
3 minutter lesetid

Folkestyre og åpenhet i Sirdal

[Partiuka – Uke 44: Senterpartiet] I Sirdal har me mykje å vera stolte av. Me har sterke lokalsamfunn, gode tenester og ein kommuneøkonomi som gir oss handlingsrom. Etter 2019 har kraftinntektene auka med 10-tals millionar. Dette gir oss ein unik sjanse i motsetnad til dei fleste andre kommunar, og me treng ikkje gjera harde økonomiske prioriteringar. Ordførar nemner stadig at Senterpartiet driv heftig pengebruk. Dette er me ikkje einige i, tiltaka me har fremma er ofte for førebygging. Det gjeld bl.a folkehelsekoordinator, friluftslivtiltak, museumsstyrar, merkeverkstad, aktivitetskort og vedlikehald av bygningar. 

Senterpartiet meiner at politisk styring skal vere open, inkluderande og bygd på dialog med innbyggarane. Derfor er me opptatt av at Sirdal skal ha opne politiske prosessar, gode saksutredningar og aktiv dialog med innbyggarane – gjerne gjennom grendeutval og folkemøter. Me trur på tillitsbasert styring, der fagfolk og lokalt engasjerte får rom til å finne gode løysningar.

Saken fortsetter etter annonsen

Demokratiet i Sirdal er ikkje bare eit spørsmål om val kvart fjerde år. Det handlar om tillit, openheit og deltaking i kvardagen. Når me tar vare på det lokale folkestyret, tar me vare på Sirdal. Senterpartiet meiner det er uheldig at stadig færre saker kjem opp i utval og kommunestyre. Det blir sett ned grupper der Ap, Høyre og Frp er representerte, mens Sp og KrF blir haldne utanfor. Når me veit at 39% av innbyggarane i Sirdal stemte på eit av desse to partia, er det underleg at me sit med ei oppleving av at våre forslag aldri skal høyras på. I budsjettsamanheng kunne ein vald å stemma nokre forslag punktvis, men det gjer ein ikkje.

Me ser at i politikken på nasjonalt nivå strebar ein for å inngå kompromiss. Dessverre opplever me ikkje det i Sirdal. Førre gong samfunnsplanen var oppe til behandling, inviterte ein dei andre partia inn i ei arbeidsgruppe. Då avslo Ap og Frp med grunngjeving at det ikkje var open prosess… 

Sirdal har som sagt eit godt utgangspunkt, med solide tenester, kraftinntekter og engasjerte innbyggarar, men framtida krev at me held fast på prinsippet om nærleik og tillit. Det er slik me byggjer eit levande demokrati – og eit sterkt Sirdal. Sirdal Senterparti prøver å ikkje miste motet, men tenkjer at dei 284 som stemte på oss ved sist val, deler vårt verdisyn og syn på korleis Sirdal skal prioritere framover, og står på vidare.