SirdalMedia
2 minutter lesetid

Ta heile Sirdal i bruk

[Partiuka – Uke 45: KrF] Å køyra gjennom kommunen vår er ei oppleving. Vi er heldige som har slik fin natur i nærområdet vårt. Men det er ikkje bare naturen som gir oss glede, her er vekst og velstand, og folk pussar opp sitt. Vi vil at det skal bu folk spreidd i heile dalen, tomme hus er ikkje noko hyggeleg syn. Og så vil vi at det skal koma nye bygg.

For å få til det må det ikkje bli slik det er nå med ei kraftig subsidiering kun i det kommunale feltet Knausane i sentrum på Tonstad. Tidlegare var det slik at kommunen støtta privat husbygging med ein stor sum, tilsvarande det som kommunale felt blei subsidiert med. Nå er det eit politisk fleirtal som har skore ned på tilskotet til private, og gitt tilskotet også til kommunale tomter, i tillegg til at tomtene er subsidierte med millionbeløp. Dette gjer det så økonomisk gunstig å byggja i Knausane, at vi tvingar alle til å velja dette på grunn av økonomien. Det er jo flott at det er billig her, men vi skulle hatt ei rettferdig ordning for dei som vil bu andre stader i kommunen.

Saken fortsetter etter annonsen

For Øvre Sirdal sin del har opphevinga av buplikta ført til at det er mest uråd å finna tomt til å byggja nye hus. Prisen på kommunale tomter er sett kraftig opp for å hindre fritidsbruk. Andre områder er utbygd med hytter. Ei rettferdig auke i støtta til privat husbygging ville retta opp mykje også her.

Noko anna som verkeleg tar heile dalen i bruk er landbruket. Kommunen sitt bidrag her med gode støtteordningar er fantastisk. Bøndene har verkeleg gripe mulighetane dette gir, og satsa på gardane. Nye moderne driftsbygningar har kome opp, spreidd i heile kommunen. Jorda blir halden i hevd, og hindrar kulturlandskapet i å gro til. Dette betyr mykje for at det ser fint ut i kommunen vår.