Selandsrunden tilbake på kartet
[Partiuka – Uke 45: KrF] Selandsrunden var eit begrep før. Då refererte mange aktive trimmarar til kor mange gonger dei tok runden på ei veke. Sirdal VGS har løp rundt her, og det blir operert med pers både på Selandsrunden og Tippentesten.
Vi har også fått ny dagsturhytte på denne runden, som gjer det ennå meir aktuelt å ta ut. Dette er spesielt godt for dei som treng ein kvilepause, det er kanskje dei som treng turen mest.
Tendensen nå er at mange går enten til Nistebu eller til Tjomlid og snur. Då er ein meir skjerma frå trafikken. Men det er alltid meir triveleg med rundturar. Nå har vi ein god sjanse til å utnytta steinmassar frå Haughomveien til å fylla opp gang og sykkelstien på Selandssletta og Rekeviksvika. Vegvesenet har planane liggjande i ein skuff frå den tida dette var aktuelt sist. Det er sløsing med resursar å tippa massen på Sirdalsvatnet.
Sirdal KrF kjem til å foreslå dette i sitt budsjett. Vi har tatt til orde for dette fleire gonger, men har blitt bedt om å venta for ikkje å laga snubletråd for prosjektet med tunell. Hadde vi bare fått med oss eit fleirtal. Deler av denne runden er spesielt viktig for Sirdal VGS og andre som trenar rulleski. Dette hadde vore eit godt bidrag til trafikksikkerhet.
Vi har også i årevis foreslått å auka potten for tilskot til turstiar, og i dette års budsjett er det blitt auka. Hermed er oppfordringa til å nytta seg av dette for frivillige gitt. Det er mykje billigare for kommunen å yta tilskot til utgifter i samband med dugnad, enn å rydda stien i eigen regi. Slike stiar kan også bli flotte skiløyper, og få ut folket også i den kvite årstida.
I samband med tiltak for å verna om villreinen, vil det tvinga seg fram å flytta enkelte løyper som går langt austover i heia. Då er det viktig å få på plass nye til erstatning for desse først. Det kan og vera bra for fastbuande at det blir laga løyper nede i dalen, då kan dei brukast dagleg til småturar. Det er også aktuelt å kombinera med sykkel, det vil også vera nok eit pluss for Sirdal som turistkommune. Informasjon langs løypa vil og heva kvaliteten. Vi har verkeleg mykje historie og kultur her i Sirdal som det er all grunn til å ta fram att.
Eg har her brukt Selandsrunden som symbol på turar i nærområdet. Vi må få fleire slike turruter rundt dørene der folk bur. Den daglege kvardagsturen er det beste folkehelsetilbodet som finnes. Ein tur opp til Nistebu med barnevogn eller gåstol, matpause saman med andre turglade, kan fort bli dagens høgdepunkt.



