Datasenter – ja takk
[Partiuka – Uke 45: KrF] Sirdal har nå fått kontakt med GreenScale, eit London-basert selskap som har kjøpt tomt og rettighetar av Tonstad datapark. Planen er å etablera eit gigantisk datasenter på Ertsmyra. Etter tidsplanen som selskapet har presentert vil det allereie i vinter starta på arbeidet der oppe.
Dette har så enorme dimensjonar at det er vanskeleg å sjå for seg kva det vil bety for Sirdalssamfunnet. Men merkast, det vil det. Særleg anleggsperioden vil føra med seg auka aktivitet. Dette gir muligheter for næringslivet til å få oppdrag. Her er det viktig at vi for eksempel får inn ein klausul hos dei store entreprenørane om å bruka lokale verksemder når dei set bort underleveransar. Det er mykje som næringslivet her i Sirdal kan levera.
Men anleggsperioden vil og krevja at vi klarer å takla dei utfordringane som følgjer med. Trafikken vil bli stor, men her kan vi samtidig dra nytte av å få til kollektivtilbod, for eksempel mellom Sola/Stavanger og Sirdal. Godstransporten er noko vi har mange aktørar som kan klara.
Presset på kommunale tenester vil også auke. Vi har god legedekning, og denne er sannsynlegvis rusta for å ta imot fleire. Auke i folketalet får vi håpa at dette gir. Fleire elevar på skulen er ein positiv følgje, det same gjeld barnehagen. Vi har i snitt ca. 20 barn i kvart årskull på Tonstad skule, så ein auke her vil vi kunne klara. Knausane har god kapasitet på tomter, men leiemarknaden er nok under hardare press. Samtidig gir det muligheter for dei som har noko ledig.
Kommunen har sett ned politiske grupper med to representantar frå Ap og ein frå FrP, som skal stå for kontakten med Tonstad datapark og forhandla fram ein utbyggingsavtale med selskapet. Her er det viktig at dei gjer eit grundig arbeid slik at vi får ta del i dei positive ringverknadene dette kan gi Sirdal. Samtidig må ulempene med eventuell støy takast alvorleg. Fornuftig bruk av overskotsvarmen må det og avtalast noko om.
Tida etter at anlegget står ferdig er nok det viktigaste å få gode avtalar på. GreenScale opererer med 200 arbeidsplassar i driftsperioden. Flest mulig av desse burde ha lokal tilknyting. Her er kompetanse viktig, så dette er noko som det må leggjast arbeid ned i.
Vi har også sett kritiske røyster til datasenter. Det er mange innlegg i media mot slike senter, både saklege og enkelte som bare er tøv. Det er alt 60–70 slike senter i drift eller på gang i landet vårt. Det betyr at kjem ikkje det i Sirdal, kjem det ein annan stad. At vi her med all den kraftproduksjonen ikkje skulle ta del i kraftkrevjande industri er heilt urimeleg. Då slepp ein å bruka naturen vår til linjetrasear for å føra krafta bort frå dalen. Tonstad datapark har konsesjon på ca. 300 MW, det tilsvarar to av dei minste aggregata i Tonstad kraftverk. Vi må setja det inn i vårt lokale perspektiv.
Ein annan følgje av at det alminnelege forbruket i kommunen går opp, er at vi får tildelt meir konsesjonskraft, som vi kan selja på den opne marknaden. Dette vil gje millionar til gode kommunale tenester i Sirdal.
Ein liten kuriositet oppi dette er at her på landet kallar selskapa det datapark. I Oslo, der Hafslund byggjer eit datasenter, heiter det skygard. Det gjeld å få eksotiske namn ut i frå der det ligg, men ikkje trur eg at når sirdølane skal ha ein «walk in the park», at dei tar turen mellom 32 meter høge byggningar i dataparken på Ertsmyra.
Når ein tar alle sider med etablering av datasenter i kommunen, landar vi på den positive sida. Det er viktig å bruka positivt dei sjansane vi får.



