SirdalMedia
3 minutter lesetid

Grunnverdiar

[Partiuka – Uke 45: KrF] I dag er det søndag. Denne dagen er kviledagen i vår norske kulturkrets. Før var det mykje hardt fysisk arbeid, og dagen var nødvendig for å ta seg inn att til ei ny arbeidsveke. I dag er det lettare fysisk, men kanskje meir krevjande mentalt. Moderne forsking har vist at tanken om ein dag i veka til å kopla av er genial. Menneskesinnet treng eit skille mellom arbeid og kvile.

Denne dagen går mange i Sirdal til kristne samlingar. Kyrkja i Sirdal feirar gudsteneste i ei av sine fire kyrkjer eller kapell. La oss håpa at dei neste år kan ta i bruk nye etterlengta lokalar til kyrkjekontor.

Saken fortsetter etter annonsen

Sirdal bedehusforsamling samlar annakvar søndag opp mot 100 personar til storsamling. Her er eit rikt barne- og ungdomsarbeid med deling i minst to ulike aldersgrupper, før det blir avslutta med sosialt samvær over ein kaffikopp. Saman med mange andre arrangement i dagane mellom, har dette enorm verdi for oss som går der.

Håpet og Sirdalskameratane driv eit viktig sosialt arbeid her i Sirdal. Det er mange fleire enn vi trur dette har stor betydning for. Ungdomssamlingane her er eit nytt friskt tilbod vi ønskjer velkomen.

Filadelfia kan vi snart gratulera med å ta i bruk nytt hus etter brannen. La oss heia ekstra her på ein god start i nybygget.

Søndagen blir av mange også brukt til sport, naturopplevingar og det særnorske fenomenet tur. Alt dette er gode aktivitetar som gir avkopling og kvile for kropp eller sjel. Alt det som er nemnd ovanfor er områder som Sirdal KrF er spesielt opptatt av og heiar fram.

Den store interessa for fotballavslutninga både her i Sirdal, med finalekamp på Lyse arena, og i andre seriar landet rundt, er også viktig for mange. Sirdal er i ein særstilling når det gjeld gode idrettsanlegg, men også naturen gjer det mulig for mange å vera aktive.

Politikk er viktigast for dei som treng det mest for å få dagane til å gå rundt. Her er økonomi viktig for å nå desse med hjelp på ein god og rettferdig måte. Frivilligheten som her er nemnd er ein viktig ressurs for å nå ut til alle og dekka alle områda vi som menneskje treng for å få eit godt samfunn å trivast og leva i. Derfor er det viktig at dei styrande gir dei som står på for andre, ofte i det stille, dei ressursane dei fortenar.

KrF er eit parti som framhevar spesielt grunnverdiane sine og utifrå desse vurderer dei mange politiske sakene til beste for alle i samfunnet. Vår kultur er bygd på kristendommen sitt revolusjonerande syn på kvart enkeltmenneske sin verdi, den hellenske tenking rundt logikk og demokrati, og Romas rettsstat. La oss halda fast på det.