SirdalMedia
11 minutter lesetid

Roa i fjellet eller duren frå maskinene?

Sirdal står overfor eit sjebnesvangert val. Planane om eit gigantisk datasenter på Ertsmyra blir presentert som «grøn vekst», men prisen for dette prosjektet kan ikkje målast i kroner åleine. Som Joni Mitchell song: «They paved paradise, put up a parking lot». I Sirdal er vi i ferd med å asfaltere stillheita ved å setje opp ein serverpark. Det er mange poeng eg ikkje nemner, men mest fordi eg synes dei allerede er dekkja godt allereie i debatten.

Av: Ei tobarnsmor på Tonstad

Støy, retningslinjer og infralyd

Utbyggjarane i GreenScale snakkar om openheit og  «fakta». Dei viser til tabellar og støysimuleringar som held seg innanfor lovlege rammer. Og at støy frå moderne datasenter er mykje mindre, og eit mindre problem enn folk trur. Eg hadde diverre ikkje moglegheit for å kome på det opne møtet der Greenscale presenterte støyrapporter, men det er vel ganske sikkert at dei rapportane dei framla held seg innafor det norske støyregelverket T-1442. 

Saken fortsetter etter annonsen

Det mange kanskje ikkje veit er at det norske støyregelverket brukar ein målemetode, dB(A), som gjer seg medvite «døv» for den djupaste duren fordi den filtrerer vekk lavfrekvent støy og infralyd under 20 Hz. 

Det blir som å stå på utsida av eit ungdomshus der det er fest: Målaren seier alt er i orden fordi du ikkje høyrer teksten som blir sungen, men i den verkelege verda kjenner du den djupe bassen riste i sjølve brystkassa. 

Greenscale kan difor seie at dei held seg innafor lovlege støyrammer, men faktum er at til og med Miljødirektoratet innrømmer i sine eigne faglege veiledere at «det er ikkje sett eigne grenseverdier for lavfrekvent støy i den norske retningslinja». Dette rett og slett fordi den blei laga i ei tid der det ikkje fantes datasenter og blei utvikla til ein type industri som har mykje meir høyrbar støy.

For å fange opp denne ristinga, må kommunen kreve målingar i dB(C) og ei uavhengig infralydanalyse. 

Ved å nekte å gjere dette, driv utbyggjarane og kommunen eit farleg spel med helsa vår.

Borna vore òg den langsiktige helsa

Det er mange Sirdølar som kvar helg tek barna sine ut i Sirdalsheiane. Vi gjer det fordi det er der vi finn ro. Vi menneske har utvikla oss gjennom årtusener i harmoni med naturens eigne rytmer. Men når eg kikker opp mot Ertsmyra, klarar eg ikkje å fri meg frå tanken på kva som kan kome. 

Datasenteret på 300 megawatt vil fungere som ein gigantisk, mekanisk dissonans. Fjellet vårt blir ei resonanskasse som bérer dei djupe vibrasjonane rett inn i stovene og barneromma våre.

Som mor bekymrar eg meg djupt for kva denne djupe brumminga vil gjere med oss vaksne, men spesielt barna på lang sikt. Sjølv om vi ikkje «høyrer» infralyden med øyra, registrerer hjernestammen vår vibrasjonane som eit konstant faresignal. Kroppen blir tvinga inn i ein kronisk alarmtilstand der stresshormonet kortisol blir pumpa ut i blodet – sjølv når vi trur vi søv i fred.

Når vi fell inn i den djupe søvnen, fungerer hjernen medisinsk sett som ein roleg storby om natta: Eit reinhaldssystem – medisinsk kalla det glymfatiske systemet – køyrer gjennom gatene for å spyle vekk avfall og rydde opp etter dagen som gjekk. Men den mekaniske duren frå Ertsmyra vil fungere som ein konstant gategjeng som hindrar denne nattlege reinsinga. 

Når duren forstyrrar søvnen natt etter natt, får aldri hjernen vaska seg. For barna våre betyr dette redusert konsentrasjon, dårlegare minne og ein unødig tung skulekvardag. Vi risikerer ein stor samfunnsøkonomisk smell på lang sikt, med auka behov for spesialundervisning i skulen og høgare sjukefråvær.

Kanskje vil nokon kalle meg dramatisk, men dette er ikkje dystre spådommar; det er ein global realitet. Ein treng ikkje løfte blikket lengre enn til Granbury i Texas og i Loudoun County i Virginia. Der har barnefamilier og naboar til store datasentre opplevd eit helsemessig mareritt. 

Etter oppstart blei lokalsamfunna råka av ein konstant, djup infralyd som rysta husveggane om natta. Innbyggjarane har gått til massesøksmål etter å ha blitt påførte kronisk migrene, uuthaldeleg svimmelheit, panikkangst og varig høyrselstap. Det er nøyaktig same teknologi GreenScale vil plassere på Ertsmyra, utan at dei har utgreidd korleis frekvensane vil spreie seg i Sirdalsfjella.

I tillegg kjem lysforureininga. Når Ertsmyra blir bada i eit kunstig tryggleikslys, blir det skapt ei lyskuppel over dalføret som kortsluttar kroppens biologiske mekanismer. Lyset blokkerer produksjonen av melatonin – kroppens viktigaste søvnhormon og kraftigaste antioksidant, som berre blir produsert i fullstendig mørke. Medisinsk forsking viser at kronisk miljøstress, kombinert med mangel på djup søvn, forstyrrar dei overordna hormonsentra i hjernen og går ut over fertiliteten. Grannar og barnefamilier blir påførte eit varig biologisk jetlag. 

Tenk dykk godt om. Vi bytter ut mjølkevegen med flomlys – er det eit byte vi er villige til å gjere?

Brotet på grunnloven

Ordføraren vår, Jonny Liland, har forsvart den manglande involvering dalføret har fått med at tomta på Ertsmyra ligg «for langt unna» – om lag fire kilometer – til at loven utløyser krav om formelt nabovarsel. Han hevdar òg at området allereie er «øydelagt» av den eksisterande transformatorstasjonen.

Trur ordføraren verkeleg at naturlovene bryr seg om eit kommunalt avstandskart? 

Fysikken viser at infralyd ikkje stoppar etter fire kilometer. Tvert imot veit vi frå akustikken at lydbølgjer ikkje nøytraliserer kvarandre; dei legg seg oppå kvarandre. Den eksisterande transformatorstasjonen kjem til å dure om kapp med eit eventuelt datasenter. Når desse to anlegga durar samstundes, doblast den akustiske lydenergien som blir sendt ut i dalføret vårt. Vi får ein konstant, samla djupbass som vil rulle uavbrote nedover fjellsidene og gjere støybelastninga langt verre enn i dag. Her bryt kommunen med det aller øvste lovverket vi har i landet. Grunnlova sin § 112 slår fast:

Saken fortsetter etter annonsen

«Kvar og ein har rett til eit miljø som tryggjer helsa, og til ei natur der produksjonsevne og mangfald blir bevart. Naturen sine ressursar skal disponerast ut frå ei langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne retten òg for etterslekta.»

Når lova krev at vi skal ivareta helsa til «etterslekta», snakkar han om barna våre. Det er barna som skal vekse opp og arve dette dalføret. Det er eit direkte brot på Grunnlova å godkjenne eit anlegg som set barna våre si helse, nattesomn og framtid i fare for å tekkast utanlandske investorar.

Det beste for Sirdølen?

Sirdal kommune bruker store ressursar på å tiltrekkje seg nye fastbuande og unge barnefamilier. Men her kolliderer kommunen sine visjonar i ei stor sjølvmotseiing. 

Unge familier flytter til Tonstad og Josdal nettopp for stillheita og roa. Stillheita er Sirdal sin aller beste kapital, og det er den vi skal leve av i framtida. 

Dei flytter ikkje hit for å busetje seg i randsona til ein av Noregs største serverparker.  For kven vil investere i ei framtid her når erfaringer frå resten av verda viser at boligverdiar nær datasenter kan falle drastisk?

Kva for foreldre ynskjer å etablere barna sine i ei bygd prega av ein konstant mekanisk dur, redusert nattesøvn og ei teknisk tåke skapt av millioner av liter med kokande spillvarme?  

Ved å godkjenne datasenteret på Ertsmyra gjer politikarane Sirdal, uattraktiv for framtidige fastbuande. Dette er ikkje eit tiltak for tilflytting – det er ein aktiv invitasjon til fråflytting.

Fryktspreiing?

I nylege uttalelsar vel administrerande direktør i GreenScale å svare på dei lokale sine bekymringer ved å hevde at motstandarane «spreier frykt». Dette er ein velkjend hersketeknikk. Samtidig som  dei snakkar om at dei vil ha openheit, ryddig prosess og god kommunikasjon med dei lokale. 

Det Dan Thomas kaller “fryktspreiing”, er i røynda berre sirdølen si sunne fornuft, forsvar av eige livsgrunnlag, og grunnleggjande foreldreansvar.

Det er også verdt å merke seg at Greenscale er finansiert av eit stor investeringsfond DTCP, så sjølv om dei kan snakke om at dei vil drifte Ettsmyra på lang sikt så kan ein ikkje vere sikker på at dei ikkje blir solgt dersom avkastninga blir høg nok. Når fuglen har fått mat, så flyg den. 

Saken fortsetter etter annonsen

Til Kommunestyret og Johnny Liland

Eg håper at kommunestyret vil tenkje seg godt om før avgjersla den 9.juli, før dei tek eit val dei ikkje kan rulle tilbake.

Vis at de har litt bein i nasen, ikkje legg dykk flate og gir Sirdal sine verdier på eit sølvfat til utanlandske investorar. 

Krev målingar i db(C), og ei uavhenging infralydanalyse. Ver klar over at det norske regelverket for støy er utdatert med tanke på datasenter, og ta den langsiktige helsa vår på alvor.

Er nokre få, usikre arbeidsplassar i ein automatisert serverpark verdt å ofre framtida til barna våre for?

Johnny Liland, du snakkar titt om det som er best for Sirdølen. Vis at du tek oss på alvor. Det er ingen skam å snu.

Og vi som innbyggjarar må hugse på at fine ord ikkje fyller magen. 

Som Joni Mitchell song: «Don’t it always seem to go, like you don’t know what you’ve got til it’s gone».